NRF ku på beite
NRF-kurasen på beite Foto: Colourbox

Kronikk: Kombikua kan kjøle kloden

Eksport av genene til den norske kombikua kan redusere utslepp av klimagassar og bidra til å avkjøle kloden globalt.

Denne teksten gir uttrykk for skribentens personlige holdninger. Kronikken ble publisert i Klassekampen den 10.4.2024.

Det er vel kjent at den norske NRF-kua (Norsk Rødt Fe) er avla fram for å produsere både kjøtt og mjølk. Ved å samle sæd frå oksar som var avkom av høgtytande kyr, og ved hjelp av kunstig sæd overføring, lykkast det å få fram ei svært effektiv kombinasjonsku. Det opphavlege avlsmålet: «høg mjølkeavkastning, høg feittprosent og samtidig kraftig og kjøttsatt kroppsbygning», vart ein stor suksess. Denne kombikua vart innført gradvis på så godt som alle norske gardsbruk, ved at gardens eigne kyr vart inseminert med sæd frå NRF-oksar. Etter tre generasjonar med inseminerte kyr var buskapen på ein vanleg norsk gard 87,5 prosent av NRF-rase. Avlsprogrammet vart i si tid leia av den legendariske professor Herbjørn Skjervold ved daverande Noregs landbrukshøgskole. Ved å registrere framgangen i avl frå år til år i regi av bøndenes eige selskap Geno, har det lykkast å få fram ei frisk, høgtytande kombinasjonsku med godt lynne og utan horn. I dag blir det eksportert genar frå denne kurasen til ei rekkje land.

Bokstavkombinasjonen NRF kom inn i norsk storfeavl for vel 80 år sia. Den nye rasen omfatte dyr av dei tre rasane Svensk Röd och Vit Boskap (SRB), Rødt Trønderfe (RT) og Norsk Ayrshirefe. Omkring halvparten av arvestoffet i dagens NRF kjem frå SRB. Den andre halvparten, som kom inn seinare, fordeler seg mellom finsk ayrshire og «oversjøisk frisar». I tillegg finst det genetiske restar av dei sju-åtte stadeigne husdyrrasane, som elles blir tatt vare på i eit eige statsstøtta avlsprogram for bevaringsverdige husdyrrasar.

Dyrlegestanden med distriktsveterinæren som utøvande myndigheit, har vore svært viktig for dyrehelse og dyrevelferd. Systemet med ein sentral veterinærdirektør, fylkesveterinærar og lokale distriktsveterinærar, alle med vide fullmakter, har fått oss dit vi er i dag. Da veterinærvesenet vart lagt inn under Mattilsynet i 2004, var alle dei store husdyrsjukdomane, fleire av dei på storfe, slik som smittsam kalvekasting og husdyrtuberkulose, effektivt overvinna. Dyrlegane rundt i landet med plikt til behandle sjuke dyr i alle slags vêr og føreforhold, ørk som helg, har også sin del av æra for dagens friske og effektive kombiku.

Det må seiast å vera eit lykketreff, at ein ved å avle fram den norske kombikua, samtidig fekk fram ein storferase i Norge som ikkje berre har ført til meir og billegare kjøtt og mjølk, men og langt færre storfe. Talet på vaksne storfe er redusert til ein tredjedel av det det var like etter andre verdskrig. I 1946 var talet på mjølkekyr i landet 801.500, mens det i 2023 var nede på 204.000. Samtidig hadde det kome til 113.000 ammekyr, slik at talet på vaksne kyr i alt var 317.000 i 2023, eller 40 prosent av kutalet i 1946. Kyrne mjølka i snitt 2000 kilo i perioden 1949-50, mot om lag 8000 kilo i dag. Oksar av NRF-rase når full slaktevakt, pluss minus 300 kilo på omtrent eitt og eit halvt år, omtrent dobbelt så raskt som oksane gjorde for 80 år sia. Dermed trengst det mindre fôr og mindre beiteland, det blir mindre møkk og mindre utslepp av klimagassar.

Drøvtyggarar slepper som kjent ut klimagassar som metan og lystgass, det siste mest frå gjødsla. I tillegg pustar dyra ut karbondioksid (CO2), like eins som alle organismar som pustar inn oksygen til bruk i energiomsetninga. I følgje rapporten «Klimastatus for jordbruket», har reduksjonen i talet på mjølkekyr bidratt til å redusere utsleppa etter at referanseperioden starta i 1990 med fem prosent, men mest før den tid. Årsaka er i følgje rapporten auka avdrått, avlsmessig framgang, betre dyrehelse og endra fôring. Blant anna har meir bruk av kraftfôr, tilsett mineral og vitamin, bidratt til auka mjølkeytelse.

Kan innsikt og erfaring med den norske kombinasjonskua, utnyttast til å få ned utslepp av klimagassar globalt? No må ein innsjå at all produksjon av mat, frå planter eller dyr, fører til utslepp av klimagassar. Vi pustar også ut klimagassen CO2, og det er ikkje ei gift, som nokre trur, men livgjevande for alle planter og tre. Dessutan er stabile biologiske prosessar der planter og dyr inngår i ein runddans – eit nullsumspel. Aukar dyretalet eller arealet av dyrkajord, vil utsleppa av klimagassar auke, i motsett fall vil dei minke. Det er derfor ei frisk kombiku har bidratt til å avkjøle kloden.

Reidar og oksen framafrå

Den norske NRF-kua gir meir og billegare kjøtt og mjølk og langt færre storfe. Den er kort sagt ei gåve til verda. Her med Reidar Almås og ein NRF-okse Foto: Leikny Havik Skjerseth.

Først til det globale nord og vårt eige land. Her er utviklinga ikkje over. Det går føre seg ei lang rekkje forskingsprosjekt for å gjera den norske kombikua enda meir klimaeffektiv, både når det gjeld fôring, avdrått og gjødselhandtering. Eit av dei mest spennande eksempla er forsøk med tilsetting av metanhemmarar i foret. Det er ikkje noko nytt å tilsette mineral, vitamin og andre tilsettingsstoff i dyrefôr, det skal både vi som forbrukarar og husdyra vera glade for. Det har mellom anna vore med på å støtte opp under utviklinga av den friske, høgtytande kombikua. No viser det seg at ved å gje kyrne ulike typar metanhemmar attåt fôret, blir utsleppa av metan frå kua betydeleg redusert.

Nøkterne forskarar, som for eksempel professor Harald Volden ved NMBU, er svært positivt overraska, og sjølv om det heile enno er på forsøksstadiet, skulle det ikkje overraske meg om ein oppnår reduksjon i metanutslepp frå norske mjølkekyr på 20–30 prosent på dei tilsettingsprodukta som er under utvikling. Kanskje ikkje så mykje, men alle monner drar. I det globale sør kan det bli enda meir å vinne, både i avdrått, matforsyning, økonomi for bonden og på klimafronten.

Kan det monne, vil nokon si? I Norge er målsettinga i avtalen mellom landbruket og staten at friskare og meir effektive dyr, bruk av metanhemmarar til drøvtyggarar og omdanning av husdyrgjødsel (ikkje berre frå kua) til biogass skal bidra til eit kutt på fem millionar tonn CO2 innan 2030. Ferske tal frå landbrukets klimakalkulator viser at utsleppa frå norske mjølkekyr er 1,04 kilo CO2-ekvivalentar per liter levert mjølk, mens det globale gjennomsnittet er 2,6 kilo. Der hadde vi også stått i Norge dersom den norske kua hadde mjølka 2000 kilo for året og ikkje 8500 som kombikua?

Forestill deg kor mykje ein overgang frå lite effektive mjølkekyr til kombikyr globalt ved innkryssing i stadeigne populasjonar kan utgjera på dei globale utsleppa, når ein veit at det er 1550 millionar storfe i verda. Globalt er det heilt andre dimensjonar, der husdyra står for om lag 15 prosent av utsleppa av klimagassar, der  Brasil (234 millionar storfe), India (194 millionar), USA (92 millionar), Kina (61 millionar), Argentina (54 millionar) og Pakistan (53 millionar) står for det meste. Eit tilsvarande avlsprogram som det norske, basert på innkryssing frå høgtytande rasar i lokale
husdyrpopulasjonar, ville over år kunne firedoble mjølkeproduksjonen og halvere tida fram til slaktemogning i ei rekkje land.

I landbrukets klimaavtale med staten, er målsettinga å redusere utsleppa av klimagassar frå storfe med fem millionar tonn innan 2030. Ein betydeleg del av dette vil kunne koma frå bruk av metanhemmarar, som kjem i tillegg til avlsframgang og produksjon av biogass frå gjødsel. Ei utfordring for norske forhold er at mykje av gevinsten alt er tatt ut av meir enn 70 års framgang i
avlen. Reduksjon av utslepp av klimagassar i ein heilt annan skala vil ein oppnå ved å introdusere tilsvarande avlsprogram for drøvtyggarar i land med lågtytande storfe. Her kan ein tenke seg at i heile det grasavhengige beltet nord på kloden, der korn gir små eller ingen mogne avlingar, ville kombikua gjera susen i klimasamanheng. Ser vi vestover, har Nord-Amerika alt oppdaga fortrinna med kombikua framfor den høgtytande Holsteinrasen, som er så avhengige av korn, mais og soya. Det meste av kjøttproduksjonen i både Nord- og Sør-Amerika kjem frå spesialisert kjøttfe. Vender vi oss austover, er det lett å tenke på kva ein kan utrette med auka avdrått og mindre utslepp av klimagassar med eit liknande avlsprogram som det norske i dei asiatiske republikkane og det veldige Russland med over 19 millionar storfe.

Tankegangen, prinsippa og metoden er gryteklar. Det er likevel tre føresetnader som må til i dei landa prosjekt klimaku skal la seg gjennomføre. For det første må det finnast statar som er villige til å inngå samarbeid med Norge om innkjøp og distribusjon av husdyrsæd. For det andre må det finnast ein organisasjon av husdyrbønder som på sikt kan ta over prosjektet og eige landets husdyrgener. Og for det tredje må det finnast eit oppegåande veterinærvesen på distriktsnivå som kan gjennomføre inseminering og behandling av sjuke dyr.

Dette er ikkje ein plan for å lure seg unna eigne forpliktingar: Vi skal framleis tenke globalt og handle lokalt og nasjonalt. Men i ei verd der også kunnskap og intellektuell teknologi har vorte handelsvare, er eksport av husdyrgener med klimaeffekt eit kinderegg, både for meir mat og betre klima. Dessutan vil effekten mange stader ute vera større enn her heime, fordi som sagt ein stor del av avlsframgangen alt er tatt ut her i landet. I tillegg er det eit sosialpsykologisk argument for å satse på ei kombiku både nasjonalt og globalt: Det gir storfebønder ei kjensle av å kunne bidra, at dei ikkje berre produserer eit problem, men at det å ha friske, høgtytande husdyr er ein del av løysinga. Noko er alt på gang der ute, når ein ifølgje FAO ser at det globale utsleppet av klimagassar per produsert liter kumjølk har gått ned med omtrent 24 prosent sia år 2000.

Helsedirektoratet har sendt ut nye klimaråd om å redusere inntaket av raudt kjøtt frå svin og storefe med 35 prosent. Einsidig reduksjon i kjøttforbruket og dermed i talet på storfe, geiter og sauer, vil dessutan føre til at vi ikkje kan utnytte dei store grasareala i inn- og utmark. Grasmark i vekst og i god stand bind også CO2, noko som beitande dyr og bønder som haustar for til dyra bidrar til. I motsetning til kosthaldsråd, som berre har gitt mindre endringar i folk sitt kosthald over tid, har framgang i avl, utrydding av dei store, smittsame husdyrsjukdomane og betre fôring gitt Norge ein effektiv og klimasmart kurase – ei klimaku. Denne suksessformelen bør vi eksportere, både av omsyn til folk og fe – og for å kjøle kloden