Demonstrasjon utenfor Stortinget 18. april. Foto: Reidar Almås
Demonstrasjon utenfor Stortinget 18. april. Foto: Reidar Almås

Kronikk: Kven er den norske bonden?

Det var mange protesterande bønder utanfor stortinget den 18 april. I stortingssalen, der debatten om opptrappinga fann stad, var det vanskeleg for politikarane å bli samde. Usemja handla om timetal, normeringsgrad og avkastning på eigenkapital. Debatten fortel oss at klassestrukturen i jordbruket er endra.

DEBATTINNLEGG: Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger. Kronikken ble publisert i Nationen den 25. april 2024.

Me har liksom berre små, tungdrivne bruk her i steinrøysa. Alle er dei slitarar, desse bøndene, og klassemessig er dei meir å likna med industriarbeidaren i smelteverka under fossefalla, enn med den aristokratiske jordeigaren. Å leva av grunnrenta frå jorda som ein «landed gentleman», er framand for den norske bonden.

Og sant nok, gardane i Noreg er små, og det er ikkje mange som blir rike av å leva av jorda her på berget. Dette talar for at bøndene høyrer til arbeidarklassen: ei gruppe småkårsfolk og slitarar, som må kjempa for å betra kåra sine.

På den andre sida, når avkastning på eigenkapital og effektiviseringsnormering vart så viktig i debatten og så viktig for bøndene som stod utanfor stortinget, så fortel dette oss at klassestrukturen i jordbruket er i endring.

Det som set bøndene i ei særstilling her, er at dei eig produksjonsmidla sine, og at dei sjølv bestemmer korleis dei disponerer si eiga arbeidskraft.

Me er på full fart til å utradera familiebonden.

Bøndene er ikkje som industriarbeidaren, som sel arbeidskrafta si til dei som eig produksjonsmiddel. Dette gjeld i særleg for ein klasse bønder – familiebonden. Me kan vidare snakka om tre måtar produksjonsmiddel og arbeidskraft er organisert på i jordbruket, og skilja mellom tre klassar bønder: familiebonden, entreprenøren og kapitalisten.

Familiebonden rår over arbeidskrafta si og produksjonsmidla (jord dyr, maskiner), og hen brukar i stor grad dette til sine eigne føremål. Føremålet med drifta er hovudsakleg å få eit utkome for seg og familien, og å kunna leva eit godt liv. Drifta er berre delvis marknadsorientert og den førgår i eit generasjonsperspektiv. Dimed handlar ikkje drifta først og fremst om effektivitet, vekst eller akkumulering av kapital.

For entreprenørbonden er produksjonen derimot spesialisert og heilt marknadsorientert. Drifta er mykje bygga på ekstern kapital, og på ei stadig utviding av produksjonen. Verdiskapinga til bonden er bestemt av sirkulasjonen av varer og kapital i ein marknad. Entreprenøren er avhengig av avkastning på kapitalen sin: fjøs, maskinar og jord blir investeringar som må ha ei avkastning for at det skal gi økonomisk meining i marknaden.

Like viktig er det å kunna ha effektivitetsauke for å henga med i marknaden. Denne type drift vart ofte skapt ved at myndigheitene søkte å «modernisera» dei tradisjonelle familiebruka. I Noreg skjedde dette i tiåra etter andre verdskrig.

Så har me kapitalisten: dei store globale agro-konserna som kvilelaust flyttar frå land til land der jord og arbeidskraft er billig, for så å gå vidare når jord og arbeidskraft er utarma. Både målet og middelet med denne produksjonsforma er kapital. Kapital brukast for å generera meir kapital. Jorda og arbeidet er her berre varer som inngår i kapitalakkumulasjon.

Den norske bonden er langt frå agro-kapitalisten, men sjølv om me liker å seie at det norske jordbruket er eit familiejordbruk, så er nok røynda at dei norske bøndene ligg ein stad mellom familiebonden og entreprenør-bonden – og ofte nærare entreprenøren.

Dei norske bøndene er ein klasse av marknadsentreprenørar som er avhengige av kapitalavkasting og kontinuerleg effektivisering. Dette har konsekvensar for korleis bøndene kan tilpassa seg den økonomiske røynda – det er det er nemleg i rommet mellom familiebonde og entreprenøren det finnast moglegheitsrommet for tilpassing.

Bøndene som stod utanfor stortinget den 18. april kjenner dette på kroppen, og dei kjenner at moglegheitsrommet for å tilpassa seg skiftande økonomiske tider er innskrenka. Ei del norske bønder har framleis noko autonomi i organisering av arbeidskraft og ressursbruk på gardane, og er ikkje så fanga av gjeld, leverandørar og marknadskrefter at dei ikkje kan gjera tilpassingar. Men det blir færre bønder som har denne fleksibiliteten; vindauget lukkar seg og rommet for tilpassing blir mindre dess meir avhengige bøndene blir av kapital, gjeld og effektivisering.

Me er på full fart til å utradera familiebonden. Gardane blir større, med fleire og større kapitalinvesteringar som lukkar rommet som bonden har til å leva eit godt liv, og det lukkar rommet bonden har til å produsera mat basert på dei ressursane som garden har.

Eit svar på utfordringane for norsk jordbruk er å reversera trenden mot meir kapital og meir marknad. Me må få få fleire bønder som har kontroll over sine eigne ressursar for to føremål, 1) å skaffa seg og familien gode liv og 2) å brødfø befolkninga.

Me treng ei endring i klassestrukturen i jordbruket, slik at bøndene kan vera meir familiebønder enn entreprenørar. Held me fram som no, vil neste naturlege steg vera at bøndene blir agro-kapitalistar. Då vil me kanskje enda opp med nokre få hundre, store gardsbruk. Kanskje vil dei verta lønnsame, men dei vil ikkje gi oss det me treng: å halda jorda i hevd og gjera oss sjølvberga. I staden vil dei kvilelaust jaga profitt, natur og arbeidskraft i heile den vide verda.

Dette er ein omarbeida og korta versjon av ein tekst som sto på trykk i Klassekampen 23. april.