Historisk god jordbruksavtale for 2027
Skrevet av
Publisert: 21 mai 2026
Oppdatert: 26 mai 2026
Fagområder
Del artikkel:
Natt til 3. desember 1975 gjorde Stortinget eit opptrappingsvedtak som sa at inntektene til bøndene skulle opp til same nivå som industriarbeidarar i løpet av 6 år. Det skjedde i 1982. Da var Kaare Willoch statsminister og Johan C Løchen landbruksminister i ei rein høgreregjering.
I ettertid har det stått strid om kven som skulle ha æra for denne opptrappinga. Noen meiner at rogalendingen Berge Furre var den største helten etter som han fekk med seg den store SV-gruppa på å stemme for eit tidfesting av opptrappinga. Andre, gir landbruksminister og nordtrønder Oskar Øksnes (1976-1981) mest av æra, etter som han var leiar utvalet som førte fram til Stortingsmelding 14 (1975-76). Denne meldinga vart oppskrifta for korleis opptrappinga skulle gjennomførast og ikkje minst sette målet om meir kornproduksjon og auka sjølvforsyning, noe som vart nådd i 1990. Atter andre vil ære Sverre Hanssen og Hitra-aksjonen som sette i gang den politiske prosessen som førte fram til opptrappingsvedtaket i 1975. Da hadde kampen for jamstillingsmålet stått stille i fleire tiår og alt skjedde i løpet av eit halvår.
Natt til 16 mai vart landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen samd med leiarane Bjørn Gimming i Norges Bondelag og Tor Jacob Solberg i Norsk Bonde og Småbrukarlag om å fullføre dagens opptrapping av inntektene i jordbruket. Målsettinga vart lansert da Ap og Sp i Hurdalplattformen slo fast at «Regjeringa vil: Leggje fram ein forpliktande og tidfesta plan for å tette inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet. Opptrappinga skal skje i samarbeid med partane i jordbruksavtalen og baserast på nytt… (og) riktig talgrunnlag for jordbruksoppgjeret, irekna å måle inntektsnivået og ikkje berre inntektsutviklinga». Vidare skulle Regjeringa «leggje fram og gjennomføre ein opptrappingsplan…og setje eit mål for sjølvforsyningsgrad av norske jordbruksmatvarer, korrigert for import av fôrråvarer, på 50 prosent».
Kva har så skjedd i jordbrukspolitikken på dei snart fem åra etter at regjeringa AP/Sp tok makta hausten 2021?
- Inntekta til bøndene skal no målast på nivå i kroner mot andre grupper, basert på nytt talgrunnlag.
- Utgifter til jordleige, kvoteleige og leigd arbeid er tatt inn i oppgjeret som ein kostnad.
- Timetalet til bøndene har vorte gradvis redusert frå 1845 timar i 2021 til 1700 timar i 2027.
- Når kostnadsveksten har vist seg å vera større enn antatt i talgrunnlaget for oppgjeret, så har dette vorte korrigert inn i seinare avtalar.
Stortinget har vedtatt at inntekta til jordbruksfamilien skal normerast opp 20 prosent før samanlikning med andre grupper, noe eit samla jordbruk har protestert imot. Noen meiner retorisk at dette er «luftpengar». Meir rett er det å kalle dette ein akkord, der staten og fleirtalet på Stortinget hevdar at etter som ein del bønder ikkje driv så effektivt som dei kunne, så er 20 prosent ei riktig normering, og ikkje berre 5 prosent som eit mindretal på Stortinget meinte.
Dei som trudde jamstillingsmålet var nådd før tida, vart skuffa da reviderte tal frå SSB viste at kostnadene har auka meir fordi bøndene hadde investert meir enn Budsjettnemnda hadde estimert.
Årets avtale med ei ramme på på 3,66 mrd kroner betyr at Staten har plussa på 460 millionar på sitt første tilbod på 3,2 mrd, mens bøndene har gått med på å redusere på sitt krav på 4,2 mrd kroner. Det meste av den reduserte forskjellen mellom krav og tilbod kjem av at jordbruket har gått med på at prisane på produkta vil stige meir og kostnadene på gjødsel og drivstoff skal stige mindre en dei har rekna med.
Mens gjennomsnittsinntekta for eit familieårsverk i jordbruket var 63 300 kroner under inntekta til andre grupper før avtale, skal ein inntektsvekst på 91 300 kroner per årsverk i årets avtale, vera stor nok til å dekk inntektsgapet før oppgjer og samtidig halde følgje med inntektsveksten til andre grupper i 2027. Overføringane til jordbruket vil auke frå 17 mrd i 2021 til 33,3 mrd i 2027.
Av produksjonane har dei som driv med sau og ammeku og har lågast inntekt, fått mest av forhandlingspotten. Matkorn, frukt og grønt var allereie prioritert både i Statens tilbod og jordbrukets krav. Den einaste elefanten i rommet er prisane på gjødsel, diesel og andre innsatsvarer, men dei blir stort sett ikkje avgjort i Norge. Her kan det bli tilleggsforhandlingar til hausten slik det står i Hovudavtalen. Dessutan er riset bak spegelen at jordbruket får redusert inntekt ved eventuell overproduksjon.
Det blir ikkje matprisane som veltar jordbruksoppgjeret år. Auken i målprisar vil utgjere i underkant av 600 kroner i året for eit hushald. Prisveksten på varer utan målpris er anslått til 2,9 prosent.
Det vart jordbruksavtale med begge faglaga i år, ikkje minst fordi Solberg og Gimming har god kjemi. Småbrukarlaget måtte berre skrive under på ein avtale, som både betyr eit løft for dei med lågast inntekt og gir rett til permisjon med avløysar ved fødsel, utan avkorting også for dei som har arbeid utanom bruket. Mange vil kivast om det var Bondeopprør2021 eller regjeringa AP/Sp som fortener mest ros for å ha sett i gang prosessen fram mot dagens jamstillingsmål. For ettertida må nordøsterdølen Nils Kristen Sandtrøen, og østfoldingane Bjørn Gimming og Tor Jacob Solberg dele på æra av å ha fullført dagens historiske opptrapping i jordbruket.
Denne kronikken stod på trykk i Trønder-Avisa 21.05.2026.
Skrevet av
Publisert: 21 mai 2026
Oppdatert: 26 mai 2026