Friluftsliv, fritidsboligar, vindkraftutbygging og gruvedrift kan skape livskvalitet og arbeidsplassar, men utfordrar samstundes tradisjonell utmarksbruk som sau- og reinbeite. Vi inviterer alle med interesse for utmarksressursane til frukost, der vi diskuterer utmarksbruk – kor stort begeret er, kva det kan innehalde, og kva dråpen som kan få det til å renne over er.

Innleiing: Utmark i endring – eit nettverk om «tida og tilhøva» i utmarka (Frode Flemsæter, Ruralis, Institutt for rural og regional forskning)

Tålegrenser i utmarka. Nye etableringar i utmarka i møte med samisk reindrift – og handteringa av konfliktene (Jan Åge Riseth, Norut)

Rettslege verktøy for konflikthandering i utmarka (Katrine Broch Hauge, Institutt for eiendom og juss, NMBU)

Sumverknader i utmarka. «Opponering» og innleiing til diskusjon (Bjørn Egil Flø, Nibio – Norsk institutt for bioøkonomi)

Open diskusjon

Utmarksressursane i Norge er mangfaldige og har til alle tider vore viktig, for lokalsamfunnet så vel som for storsamfunnet. Men ”tida og tilhøva” – som det heiter i fjellova – endrar seg. Utmarka blir sett på med nye og andre auge, og dei samla verknadane av ny-etablert og tradisjonell utmarksbruk kan gjere at «utmarksbegeret» blir fullt, og for enkelte næringar kan berre ein dråpe til vere nok for at det renn over.

Dette er det andre av ein serie av opne møter arrangert av forskarnettverket «Utmark i endring – eit nettverk for eit heilheitleg perspektiv på ”tida og tilhøva” i utmarka». Forskarane i nettverket har som mål å føre forsking, forvaltning, industri og brukarar tett saman i kunnskapsproduksjonen for bærekraftig utmarksbruk.

Det blir servert ein enkel frukost til alle som kjem. Arrangementet er gratis.

Velkomne til «Kjellaren» på Litteraturhuset i Oslo!

Nettverksdeltakarar: Ruralis, Nibio, NTNU, Norut, NMBU, Østlandsforskning, NINA, Nordlandsforskning, NIKU

Vil du vite mer?

Ta kontakt med oss så hjelper vi deg, enten det er å komme i direkte kontakt med ansatte eller finne annen relevant informasjon.