Arbeidsinnvandring til det norske landbruket

Formålet med prosjektet er å belyse bakgrunnen for og omfanget av arbeidsinnvandring til norsk landbruk, og vurdere dei langsiktige konsekvensane, både for arbeidsinnvandrarane, næringa og bygdesamfunnet. Det skal produserast ein oppdatert oversikt over denne nye arbeidstakargruppa i norsk landbruk, kven dei er og korleis dei har det i Norge. Vidare skal ein analysere konsekvensane for norsk landbruk og norske bygder, både på kort og lang sikt. Arbeidsinnvandring skal sjåast både i ein norsk og i ein internasjonal kontekst. Oppdragsgjevarane er særleg opptatt over korleis uheldige utslag av arbeidsinnvandring til landbruket kan undergrave landbrukets legitimitet på lang sikt. Bakgrunnen for prosjektet er den sterke auken i talet på utanlandske sesongarbeidarar til landbruket, frå 3 300 i 1990 til knapt 12 000 i 2000. Etter utvinga av EUs indre marknad frå 1. mai 2004, er det ikkje sikre tal, men mye tydar på at talet i år vil nærme seg 20 000.

Nyheter

Beklager, vi fant ingen nyheter relatert til dette prosjektet.

Publikasjoner

Beklager, vi fant ingen publikasjoner relatert til dette prosjektet.

Kontakt oss

Ønsker du å komme i kontakt med oss?
Fyll ut skjemaet under så vil vi svare deg så fort som mulig.