Kyr 2
Kyr på beite Foto: Odd Roger Langørgen

Vi treng månelandingar i landbruket

Korleis skal vi spisse den norske landbruksmodellen til å oppnå eit klimasmart landbruk, som møter utfordringane klimaendringane gjer?

Vêr og klima har endra seg og mange bønder har tilpassa seg i det stille, dei har ikkje noe val. Mindre er gjort for å tilpasse den norske landbruksmodellen til å møte utfordringane frå klimaendringane. Utfordringa vi står framfor er å investere i det grøne skiftet, både i teknologien og folka som skal gjennomføre skiftet. Finansminister Siv Jensen ufatteleg mye pengar på bok, men eg er ikkje sikker på om viljen i regjeringa er den same til å investere, korkje i det eine eller i det andre grøne skiftet.

Ei grøn omstilling vil koste pengar, og alt vil ikkje bli like vellukka. Poenget er at landet og bøndene vil tape enda meir pengar om ein ikkje tar omstillinga. Berekraftig landbruk må bli ein del av klimaløysinga, slik at vi kan sjå komande generasjonar i augo.

Mat må alle ha, men det finst tallause måtar å skaffe det på. Å skaffe mat gjennom kortsiktige, importerte løysingar, og dermed velte utsleppa av klimagassar over på andre land, er molbopolitikk. Skal den norske landbruksmodellen overleva, må den spissast imot klimatilpassing, slik at sektoren gjennom enda betre dyrehelse kan reduserer utslepp av klimagassar.

Kva er dei lågast hengande fruktene for eit grønt skifte i landbruket? Om eg skulle ha vore klimaminister for ein dag, ville eg ha prioritert følgjande fire saker:

  1. Biokol for karbonbinding og jordforbetring.
  2. Sterkare stimulans av beiting på inn- og utmark.
  3. Etablering biogassanlegg frå husdyrgjødsel og anna biologisk avfall.
  4. Stimulans av hogst og meir bruk av tre i bygg.

Biokol er trekol produsert frå tremasse eller halm, for å lagre karbon og forbetre jordsmonnet. Biokol blir laga ved å varme opp biomasse på høg temperatur under begrensa tilgang på oksygen. Biokol kan bli verande stabilt i jorda i tusenvis av år. Dette ser ein eksempel på i gamle kokegroper, som blir gravd fram under arkeologiske undersøkingar. Den kjemiske strukturen i biokol er vanskeleg å bryte ned for bakteriane i jordsmonnet. Produksjon av biokol er slik ein måte å lagre karbon frå organisk materiale, som redusere mengda karbon frå organismar på jorda. Produksjonen av biokol i fast form gir i tillegg biogass og bioolje, som kan brukast som kjelder til energi. Det er sannsynleg at storskala produksjon av biokol kan bli noe i retning av den «månelandinga» for karbonfangst vi har venta på.

Beitande husdyr er den einaste måten vi kan utnytte energien frå fotosyntesen som blir lagra i gras og andre etande vekster. Dette utan at det kostar oss mye ut over beitepleie og moderne inngjerding av dyra. Her har firmaet Nofence levert ei teknisk løysing for virtuell inngjerding av beitedyra, som burde fått landbrukets innovasjonspris for 2018. Dagens beitetilskot bør aukast betydeleg, for å styrke konkurransekrafta til utmarksbeite. Styrking av beitetilskotet vil føre til ein overgang frå bruk av importerte til norske fôrressursar. I tillegg bør ein gjeninnføre tilskot til overflatedyrking og opparbeiding av kulturbeite i utmark. Husdyr på beite gjer gratis arbeid for bonden når dei tar inn fôr i beitesesongen. Etter som beitesesongen alt har vorte lenger og vil bli enda lenger i framtida på grunn av klimaendringane, bør meir av levetida til produksjonsdyra over på godt beite, haust og vår.

Biogassanlegg på husdyrbruk er eit tredje klimatiltak for landbruket eg ville prioritert. Småskala reaktorar kan kombinere bioråstoff som gjødsel, slakteavfall, planterestar og greiner, røter og hogstavfall frå skogen. Ved hjelp av katalysatorar kan ein framstille biogass til drivstoff. Ein bioreaktor er oftast forma som ein sylindrisk tank i rustfritt stål, og er utforma slik at mikroorganismar får gode vekstvilkår så det organiske materialet rotnar og utviklar gass under kontrollerte forhold. Energien kan takast ut i form av varme, elektrisitet eller drivstoff. Eit av tiltaka med størst potensiale er TINE sitt nye prosjekt, KUKRAFT, der produksjon av biogass frå kumøkk og hushaldningsavfall er godt i gang. Planen er at TINEs mjølketankbilar skal fylle kumøkkbasert biogass når dei hentar mjølk. Tine skal etter planen ha minst 100 bilar over på slik biogass innan 2022.

Biogassanlegg krev store kapitalutlegg før inntektene kjem, og det bør derfor koma eit høve til fondsavsetning, som også kunne gjelde fleire klimatiltak på den einskilde gard.

«Landbruket burde tilføres friske midlar utanfor jordbruksavtalen.»

Alt som kan lagast av olje, også kan lagast av tre, men det er ikkje nok å seia det, ein må gjera det og. Da blir det vanskeleg, ikkje minst når det skal koste pengar, som må investerast før ein kan få inntekter. Slik var det med oljen og gassen: Det kosta ufatteleg mykje pengar å leite, før det kom ein einaste drope olje opp av Nordsjøen. Den gongen drog finansminister Per Kleppe til arabiske land og lånte pengar, så vi skulle få råd til å investere tungt i leiting etter olje og gass, og til å gje bøndene inntekter og levekår på linje med folk flest.

For å skjøne korleis jorda og skogen kan bli den nye oljen, må ein kjenne til grunntrekka i det norske landbrukssystemet. Norsk landbruk er eit politisk landbruk, finansiert av norske skattebetalarar og av norske forbrukarar i handledisken. Det synest no å vera eit stort fleirtal på Stortinget for å møte utfordringane frå klimaendringane gjennom politiske verkemiddel som lover, i form av avgifter og ved store investeringar, både offentlege og private gjennom skattefordelar. Dette betyr at ein klimatilpassa landbrukspolitikk må finansierast både av det offentlege og bøndene sjølve. Landbrukets folk må delta i klimadugnaden og sjå klimaendringane som ein sjanse til å koma på offensiven i klimakampen.

Det finst ingen næringsnøytral klimapolitikk, men næringspolitikken må spissast mot klimapolitikk, næring for næring. Dei næringsutøvarane som ikkje vil, må tilpasse seg eller tape pengar På grunn av ver og vind kjem ingen bonde unna å tilpasse drifta. Samtidig må politikken utformast slik at bonden og forbrukaren gjer klimakloke val.

Landbruket burde tilføres friske midlar utanfor jordbruksavtalen. Det må koma ein tiltakspakke med offentleg støtte til gardbrukarar, som søker om delfinansiering av tiltak på garden. Her kan deler av finansieringa koma som landbrukets del av klimatiltak over statsbudsjettet.

Når det gjeld klimatilpassing, har norsk landbruk nesten berre fortrinn.

  1. Eit varmare klima vil styrke det arbeidet fotosyntesen gjer for å binde karbon, spesielt her nord der det er nok vatn.
  2. Norge har verdas beste dyrehelse og dyrevelferd, noe som er ein stor fordel i klimatilpassinga.
  3. Den norske bonden gjer som vi veit det som svarar seg best, og god agronomi og godt stell av dyra gir både god økonomi og god klimatilpassing, snakk om vinn-vinn.
  4. Norge har gode statsfinansar med rygg til å bera dei store investeringane som må til for å få til eit grønt skifte. Spørsmålet er berre om Erna og Siv vil opne statens velfylte pengepung for denne investeringa i våre barnebarns framtid, eller om dei vil puge vidare på oljekapitalen for å kunne gje framtidig skattelette til dei rike.

Kvifor er bøndene dei medminst forventningar til den nye bioøkonomien blant aktørane i dei blågrøne næringane, slik forskar Lillian Hansen ved Ruralis har vist? Kan det vera at bøndene ikkje har full tillit til dei som styrer Norge i dag. Eller så må det bygge på ei misforståing, som vi snarast må drive tilbake. Landbruket har mye å vinne på ei forsterka satsing på ein bioøkonomi for det grøne skiftet.

Agronomen og husdyrrøktaren er nøkkelen for å nå måla med landbrukets klimatilpassing, seier leiaren i Bondelaget Lars Petter Bartnes. Det er godt sagt og samtidig signaliserer Bartnes her ein marsjordre til sine yrkesbrør.

Denne kronikken stod på trykk i Nationen og på nationen.no den 14.02.2018.