Bilde Reidar Klimasmart landbruk lansert (2)

Er du ein klimasmart bonde?

For å være en smart klimabonde, må du tenke i et 20 til 30 års perspektiv, skriver Reidar Almås i denne kronikken i Bondebladet. Det holder ikke bare å si klimasmart landbruk, man må gjøre det også, sier Almås i boka Klimasmart landbruk, som ble lansert i forrige uke.

Er du ein klimasmart bonde? Eg spør ikkje om du er ein klimaskeptikar, eller skeptisk til at klimaendringane er menneskeskapte, men om du tilpassar deg endringane i vêr og klima. Da er eg ganske sikker på at dei aller fleste av Bondebladets lesarar som driv gardsdrift  må svare ja: Bøndene driv og tilpassar med klimaendringane.

Alle norske bønder må ha registrert at somrane er våtare, regnskurene er fleire og blautare enn før, stormane kraftigare og at vintrane er kortare. Er du ein vestlending, har du merka mest til dette, men varmare, villare og våtare klima er registrert over heile landet. Meir skal koma, og no er det ikkje sikkert at dei klimatilpassingane du har gjort, kanskje utan å vita at det, er god nok klimatilpassing. Om det skulle vera slik, som noka hevdar, at endringane i klimaet vi ser i vår tid ikkje er menneskeskapte, er det synd i oss
alle. Da bør dei i alle fall ta med i kveldsbøna si at det menneska gjer, utgjer ein forskjell i framtida.

Vi står framfor eit grunnleggande internasjonalt skifte når det gjeld mat- og  landbrukspolitikk. Klimakrisa og energiproduksjon på matjord reiser radikalt nye spørsmål til framtidig politikk. Kva betydning for landbrukspolitikken får tilpassingane til  klimaendringane? Korleis skal den norske bonden, kvar på sin gard, tilpasse seg det grøne skiftet? Og korleis må den norske landbruksmodellen spissast for å møte  klimautfordringane? Vi høyrer alt for ofte at norsk landbruk er ein kostnadspost og ein stein i skoen for politikarane. Slik er det ikkje når det gjeld klimapolitikken. Norsk landbruk har ei rekkje fortrinn som gjer det realistisk å slå fast at landbruket er ein del av løysinga på klimautfordringane. Den første og heilt openberre fordelen, som mange nesten ikkje tør å nemne, er at det gagnar årsveksten her nord med lengre somrar. Vekstsesongen for
både gras og korn, gran og furu, har vorte lengre. Tida av året der fotosyntesen gjer gratis arbeid for bonden, vil berre auke i framtida, og vatn har vi nok av i dei fleste landsdelar.

Ein annan fordel for norsk landbruk er at dei fleste gardsbruk har skog: Skog bind karbon, og bidrar i dag til å binde om lag halvparten av det menneskeskapte karbonutsleppet i Norge. Med god skogskjøtsel, større og fornuftig avverking, utnytting av restvirke til bioenergi og langt meir bygging i tre, kan skogbrukets bidrag til karbonbinding og klimatilpassing aukast monaleg.

Ein tredje klimafordel for norsk landbruk er den gode dyrehelsa. God dyrehelse, få matborne sjukdomar og trygg mat i alle ledd er eit anerkjent kjenneteikn ved den norske produksjonsmåten. I tillegg til å vera bra for dyrevelferd og bondens økonomi, er god dyrehelse ein svært god klimapolitikk. Det kan synast som ein detalj, men skjering av klauvene på mjølkekyr for å sikre god klauvhelse gjer at kyr kan mjølke frå 500 til 1500 kg meir mjølk per kalving.

Betre velferd for kua gir færre kyr for bonden å røkte, og meir mjølk med mindre bruk av fôr og beite og dermed mindre klimaavtrykk. Ein britisk studie har vist at sjuke dyr har opp til 25 prosent høgare utslepp av klimagassar enn friske dyr. La oss ikkje skusle bort den gode dyrehelsa, som er ein relativ fordelen ved den norske landbruksmodellen, og som bidrar til at landbruket er ein del av klimaløysinga.

Det høge avdråttsnivået hos husdyra, og det gode og stigande avlingsnivået i  planteproduksjonen, er ein fjerde stor klimafordel ved norsk jordbruk. Den norske NRF-kua er den beste klimakua fordi den kombinerer høg avdrått på mjølk med kjøttproduksjon på kalvane i tillegg, slik at klimaavtrykket kan fordelast på fleire produserte kaloriar. Det er lett å vise at høgare avdrått per dyr, gir mindre utslepp av klimagass per produsert kalori av kjøtt og mjølk. Det same gjeld utslepp per arealeining i planteproduksjon, som blir mindre ved intensiv dyrking av gode plantesortar.

Ei siste god nyheit til slutt: Sverre Bjørnstad, direktøren i Geno, meiner vi kan drive avl for  å få fram ei ku som slepp ut mindre klimagassar enn dagens ku. Korleis det? Jau,  arvbarheit for metanutslepp frå ku er like stor som for mjølkeproduksjon, det vil seie cirka  20 prosent. Det vil seie at på same måte som det kanskje tok 20–30 år å avle fram NRF-kua med dagens høge avdråttsnivå, så kan vi på tilsvarande måte avle fram ei «klimaku» som slepp ut langt mindre metan enn i dag.

Denne kronikken stod på trykk i Bondebladet 22. februar 2018.