GJESTEKOMMENTAR: Dei lyse sommarnettene er for dei som drøymer med augo opne. Er det då lov å sjå føre seg eit levande jordbruk også i komande år?

Jordbruksoppgjeret, den årlege prosessen der regjeringa og jordbrukets faglag forhandlar fram den praktiske jordbrukspolitikken, vart drege i hamn før 17. mai i år. Bøndene fekk forholdsvis mykje pengar av staten dette året – ei ramme på heile 1100 millionar kr. Trass i dette går ikkje bonden håpefullt inn i den lyse sommarnatta som bognar av grøde. Det skjer nemlig noko i det norske jordbruket, ein lang skugge strekker seg inn i sommarnatta. Den har vore der lenge. Kan Tønes og Stein Torleif Bjella seie oss noko om dette?

Tønes er sint på meg. Her står eg i leilegheita mi på Grünerløkka, i songen til Tønes er eg er eldste sonen som reiste for å studera.

Tønes på kornet

Heilt sidan eg var ein liten gut har Tønes har vore ein kjend visesongar i bygdene og dalstrøka innafor, der eg er frå. No er han også kjendis i storbyen, der eg bur no.

Ein av dei tidlege songane til Tønes, frå 1999, heiter «Bonde», og som liten gut kjende eg meg stolt og kry over at nokon song om far min, og om det eg skulle bli – bonde. At songen var lettare satirisk, beit eg meg ikkje merke i den gong. Det var ein lett og lystig song om ein litt sær bygde-bonde.

I haust lanserte Tønes si nyaste skive, og der har me, for første gong sidan eg var liten, på ny ein song om ein bonde, «Signala». Men no er tonen ein heilt annan. Songen byrjar bang på, med sint, hardt gitarspel, og ein bitter, nesten spyttande vokal:

«Eldste sånen reiste og studerte. […] Nå ska de riva løo, fjosen og hele driden, jevna alt med jordo, jevna alt med jordo. Nå ska ikkje fleire onga hoppa i høyet i den løo. Nå ska ikkje folk komma springane te, når saue lemme midt på notto. Og stiane vil gro igjen. Det bli vondt å sjå på. […] Koss signal tru du det sende ud?»

Songen held fram med riving av løa, politi og dyrevern som må skyta sauene, og songen trefte meg som eit slag i andletet. Tønes er sint på meg. Her står eg i leilegheita mi på Grünerløkka, i songen til Tønes er eg er eldste sonen som reiste for å studera.

Sjølv seier eg framleis til alle, og meiner det, at eg skal bli bonde. Eg seier det medan eg spradar rundt på Løkka med caffè latte om dagen, og med grumsete IPA-øl på kvelden. Eg seier dette, og er heime på garden til jul og om sommaren, to gonger i året.

Medan eg og dei andre ungdommane er i byane, endrast landbruket til det ukjennelege.

Det som skjer i bygdene

Men la oss gå ut av det intime og personlege, for Tønes sine songar viser også til noko mykje større. Tønes syng om det bygdelandskapet han ser kring seg, og det har endra seg ein del på dei tjue åra det er mellom dei to bondesongane. I 1999 var det om lag 60.000 gardsbruk i Noreg, i dag er det knapt 40.000. Det er ein nedgang på 30 prosent på rett under 20 år. Det er 1000 gardsbruk kvart år. Og dette merkast kringom i bygdene: 1000 gardar er mange fleire bruk enn det er i heile Bjerkreim, der eg er frå. Kva om alle gardane i Bjerkreim forsvann på eitt år?

Talet på gardsbruk har gått ned i heile etterkrigstida, men nytt no er at dei nedlagde gardsbruka og areala somme gonger ikkje vert drivne vidare av nabogarden – kanskje fordi det ikkje ein gong finst nokon nabogard?

Det er mykje dei gamle som vert att. Bygdene forgubbast, berre 10 prosent av bøndene er under 40 år, snittet er 54 år. Og det er helst gubbar, for det er ikkje mange kvinner i landbruket, og bygdejentene flyttar til byane dei også, i endå større grad enn odelsgutar som meg. Dei vil til spanande jobbar og interessante liv i byane, og til folk.

«Eg såg for meg ein togtur, me kunne ha reist dit fleire bur», syng Stein Torleif Bjella. Eg tok togturen, og mange med meg. Kjem nokon tilbake?

Medan eg og dei andre ungdommane er i byane, endrast landbruket til det ukjennelege. Enorme robotfjøs, som samlebandsfabrikkar, eller som enorme arbeidsleirar, okkuperer dei flataste landskapa; i bakkar og skråningar gror skog opp og løyner dei småe gardsbruka som stod der før. Og kven veit, kanskje er gardane snart eigde av storinvestorar frå utlandet, om regjeringa verkeleg løyser opp alle band? Kva slag samfunn er det å koma attende til?

Kulturuttrykk blømer ofte i kulturar som er på veg ned og ut.

Eit signal

Det er interessant at både Bjella og Tønes no blomstrar som kulturskaparar i det dei syng om bygdene. Bygdelivet er populært i den store hovudstaden, poetane syng om det, og Get-boksane sender oss bilete inn på skjermane våre frå der ingen skulle tru at nokon kunne bu, og frå menneske som tevlar på noko dei kallar ein farm – noko eg trudde dei berre hadde i Amerika. I Noreg har me gardar og småbruk, så lenge det varer.

Kulturuttrykk blømer ofte i kulturar som er på veg ned og ut. Miguel de Cervantes skreiv til dømes den verdskjende romanen sin om Don Quijote – riddaren som kjempar mot vindmøller i solnedgangen – nett i det den spanske stordomssola rann av himmelen på 1600-talet. I Noreg har me i hundrevis av år hatt ein sterk bygde og bondekultur, men er songen som poetane no syng, ein svanesong?

«Kom undergang», syng Bjella. Siktar han til den norske bonden og bygda? «Norge er so rikt, høyre eg dei si. Lei tå dei som flutte ut, eg går og vasa i nedlagte bruk.»

Når eg og andre som har røter til bygder og gardar, skal vurdera om me vil vera bønder, blir det ofte eit spørsmål om me vil gå og vassa i nedlagte bruk, eller om me vil symja på ryggen i ein stor kopp caffè latte i byen. Og om me vil det første, får me då med oss nokon andre som vil bu der, i lag med oss? Sist, men ikkje minst, vil me verta som tåpelege Don Quijote-ar som vandrar i solnedgangen til den verda me kjende, og førestiller oss ei tapt tid?

Dei lyse sommarnettene som no kjem, er for dei som drøymer med augo opne. Då er det kan hende likevel lov å sjå føre seg eit levande jordbruk også i komande år?

Denne gjestekommentaren stod på trykk i Stavanger Aftenblad og aftenbladet.no den 09. juni 2018.

Vil du vite mer?

Ta kontakt med oss så hjelper vi deg, enten det er å komme i direkte kontakt med ansatte eller finne annen relevant informasjon.