John Deere lager rundballer
Traktoregg: Rundballepressa gjer det lettare å drive mykje leigejord, skriv Eirik Magnus Fuglestad. Foto: Harald A. Lein

Då traktorane byrja å legge egg

Inne i rundballane løyner det seg djupe innsikter om norsk jordbruk, lag på lag ligg dei kverva mellom graset og plasten. Historia om rundballepressa er eit klart døme på korleis nye teknologiar kjem inn og skaper nye horisontar for kva som er produksjonsmessig mulig.

Alle har vi sett dei, desse runde ballane i kvit plast som ligg strødde langs jordene i landet vårt. Sjølv dei som knapt rører seg utanfor Grünerløkka eller Nydalen må ha fått med seg «traktoregga» som er stappa med silofôr, om ikkje anna enn som eit vagt minne frå turen heim til ho mor, eller som eit glimt i vindauget susande av garde på flytoget.

Ja, vi har nok alle sett dei, skulle vi tru: dei har blitt ein del av det norske kulturlandskapet. Men ikkje berre det. Inne i rundballane løyner det seg djupe innsikter om norsk jordbruk, lag på lag ligg dei kverva mellom graset og plasten. Utan at me har merka det har traktoregga klekka ut ein stille revolusjon i jordbruket. Og til forskjell frå dei kvite vindmøllene som no skapar stor debatt, har dei kvite rundballane knapt skapa noko debatt medan dei stille og sakte har fylt landskapet.

Betongsiloane blei dyre

Traktorane i Noreg byrja å legge egg omkring starten av 1980 åra. Ein viktig grunn til dette var kostnaden med å halda dei gamle betongsiloane – desse borgliknande grå tårna som spratt opp i landskapet på 1960 og 70-talet. Det vart dyrt å sertifisera siloheisane, og endå dyrare å sørgja for at siloane haldt tett – at ikkje syre rann ut i vassdrag og det som verre er. «Du har sett alle siloane som står rundt i landet? Dei fleste av desse er tome no. Det vart for dyrt å halda dei tette. Det kunne kosta opp mot 120 000 kroner å leggja fiberglas i ein 6 meter silo» . Dette seier ein tidlegare bonde og noverande rundballe-entreprenør.

Det var også mykje arbeid med å leggja gras i silo. Slåtten på ein vanleg gard tok vekevis med fôrhaustar, ein trong ein bråte folk til å jamna i siloen, og helst minst ein person med traktor og lessevogn som kunne køyra lasset inn. På heimgarden min, til dømes, hadde me, då eg var liten, om lag 140 mål som me husta. Det tok eit par veker med fòrhaustar.

I dag har far min over dobbelt så mykje jord å husta, men no, med rundballing, er dette gjort på under ein dag. Så er det også det at ein slepp å klatra ned i dei djupe siloane, med alskens farlege gassar og fare for å dette ned i dei. Eg hugsar godt korleis eg som gut grudde meg til den dagen eg vart stor nok til å klatra ned i siloen.

Problem med lagerplass

Ein gryande problematikk kring lagerplass gjorde også at rundballane vann inn. Alt tidleg byrja bøndene å supplera silolagra med rundballar til det som ikkje gjekk i siloane. Ein bonde seier at han «fekk ikkje alt [graset] oppi [siloen]». Ein anna bonde formulerer det slikt i eit intervju med Bondevennen på slutten av 80-talet: «Hadde jeg hatt større silokapasitet, kunne jeg velge kalvingstidspunkt mer fritt», og bladet kunngjer så: «Han har tenkt på å anskaffe rundballepresse og ensilere på denne måten». På mange vis vart rundballepressa ei midlertidig løysing på vedvarande veksterverk i jordbruket.

Arealet som bøndene hausta vart stadig større utetter på 80-og 90-talet, og det same gjaldt besetningane på gardane. Å byggja ny silo til dette var ikkje hensiktsmessig. Det var ei stor investering i ei usikker framtid. Ein person frå rådgivingsapparatet i landbruket seier det slik: «Mykje satsing har vore kortsiktig i norsk jordbruk. Det vart derfor betre å investera i rundballe heller enn å byggja nytt.» Han held fram: «det var ei stadig utviding av produksjonen, men også ei stadig nøling med å byggja nye driftsbygg. Då vart rundballepressa optimal».

Ikkje gratis

Men rundballane er sjølvsagt ikkje gratis. På slutten av 1980-talet kunne det kosta bonden 110 kroner per rundballe frå entreprenør, og i dag kan den kosta mellom 160 – 200 kroner. Ein stor del av utgiftene til rundballane er utgifter til plasten som ein pakker dei i, her kan ein snakka om 50 kroner per balle.

Totalt går det med om lag 1,3 kilo plast plast per rundballe dersom ein bruker seks lag. Det er ikkje råd å vita kor mange rundballar som blir laga her til lands kvart år, men det må vera mange titals tusen. Det blir nokre titals tusen kilo plast også det.

Skal ein kjøpe rundballepresse i dag, ligg prisen på 750 000 – 850 000 kroner. Dei første enkle pressene kosta 80 000 – 100 000 på 1980-talet. «Dersom ein ser totale utgifter med balling mot det å ha silo, så er nok silo det som lønner seg i det lange løpet, men saka er at det er så mange med gamle siloar, i tillegg til mykje leigejord. Slik sett blir det meir parktisk med rundballar» Dette seier runballeentreprenøren. Det er mange slike rundballeentreprenørar som køyrer kringom i bygdene om somrane no, og dei presser ofte meir 7000 rundballar kvar i løpet av ein sesong.

Enklare med leiejord

I dag blir over 80 prosent av graset ensilert i rundballar. Ein utilsikta effekt av dette var at leigejord vart mykje lettare å ta i bruk, gardane fekk rett og slett ein større geografisk rekkevidde. Så mykje som 40 prosent av jorda i drift er i dag leigd. «Leigejord var viktig for at rundballepressa vart populær», seier rundballe entreprenøren som vart sitert ovanfor.

Rundballane har vorte med på å gjera at garden i stor grad ikkje lenger er lokal og stadbunden, men ei slags kolonimakt som hentar ressursar langvegsfrå inn til gardstunet. Med rundballar kunne bøndene hausta jord som ligg langt borte frå sjølve gardsbruket svært effektivt. Det var ikkje naudsynt å køyra silofôret heim til garden, men det kunne plasserast i nærleiken av der det var hausta for å bli henta ved eit høveleg tidspunkt.

Det var sjølvsagt ikkje noko lagnadsbestemt over at nett rundballepressa skulle kom inn og bli dominerande i norsk jordbruk i løpet av 1990- og 2000 – talet. Rundballepressa kom faktisk heile vegen inn som initiativ nedanfrå, frå bøndene sjølve. Dei tok denne teknologien i bruk fordi den var praktisk, og eit relativt rimeleg alternativ til bruk i utviding av eigen produksjon.

Auka fòrgrunnlaget

Norsk jordbruk har sjølvsagt vore inne i ein rasjonaliseringsprosess heilt sidan den sosialdemokratiske orden vart etablert på 1950-talet. Aldri har så mange bruk forsvunne, og aldri før har mekanisering endra jordbruket så mykje som på 50- og 60-talet. Det var i denne prosessen ein også etablerte det moderne norske familiebruket med traktor og fôrhaustar. Og, etter nokre dårlege år, fekk ein til og med eit opptrappingsvedtak for jordbruket i 1976.

Men når lovnadane frå opptrappingsvedtaket hadde runne ut i sanda ved byrjinga av 90-talet, og når dei norske bøndene vart kopla stadig sterkare opp mot internasjonale merknader via WTO og EØS, då vart presset om å veksa forsterka, samstundes som at inntektene stagnerte. Samstundes med dette vart det stadig færre folk på bygdene generelt – dei flytta inn til byane og vart urbane – men jordbruksressursane som låg i bygdene måtte likevel nyttast av dei som var att.

Dette, saman med det dei mange gamle fjøsa kringom i bygdene, gjorde at bondesamfunnet var klart for rundballepressa. Her var ein teknologi som let gardane auka fòrgrunnlaget utan å bygga nye fjøs, og som let ein nytta alle dei areala som var tilgjengelege i bygda, sjølv det stykket på det keitute gardbruket lang oppe i dalen.

Det at det ikkje budde nokon på denne garden gjorde heller ikkje noko, for ein trong berre éin man og éin traktor til å hausta alt dette. Med eit var familiebruka muterte til jorbruksføretak med gigafjøs og robot, mata av rundballar frå alle bygdas hjørne.

Har gitt eit anna jordbruk

Når ein kjenner historia om kva som skjedde, så ser ein også korleis denne teknologien var særs snedig for dei forholda som utvikla seg. Som eit svar på større og overgripande strukturelle drivarar vart rundballepressa kanskje ein av dei utløysande teknologiane som har gjort drivet mot den jordbruksstrukturen ein no har mulig. Ja, rundballepressa har vore med på å gi oss eit anna jordbruk.

Handmølla gir oss samfunnet med føydalherren, dampmølla gir oss samfunnet med industrikapitalisten. Så seier Karla Marx. Fôrhaustaren gir oss landbruket med småbruk, rundballepressa gir oss landbruket med storbruk og leigejord. Slik kan vi påstå.

Historia om rundballepressa er eit klart døme på korleis nye teknologiar kjem inn og skaper nye horisontar for kva som er produksjonsmessig mulig, og som dermed endrar både landskap og driftsformer. Historia viser også korleis samspel mellom forskjellig samfunnsmessige faktorar bur grunnen for ny teknologi. Det store spørsmålet blir no, kva skjer når robotane og dronane inntek jordbruket?

Teksten har stått på trykk i Dag og Tid og Bondebladet.