Foto: Ruralis
Foto: Ruralis

Samanbrot i matvaresystema?

Mat må vi ha kvar dag, og det gjer mat til ei sårbar vare. Dette blir alle land mint på under koronakrisa. Pandemien gjer at vi bør sjå oss om etter nye måtar å forme eit matsystem på. [Denne kronikken er skrevet av forskerne Reidar Almås, Eirik Magnus Fuglestad og Anders Melås, og sto på trykk i Bondebladet den 11.06.2020.]

Slakteindustrien i fleire europeiske land har kapasitetsproblem på grunn av at dei har fått inn smitte blant arbeidarane. Russland har stansa all korneksport fram til 1. juli og Vietnam har stansa eksporten av ris. I Aust-Afrika har ørkengrashoppene formeira seg kraftig og store svermar kan øydelegge avlingane i seks austafrikanske land. No skjelv styresmaktene på heile det afrikanske kontinentet med tanke på at spreiinga av koronaviruset berre er i startfasen.

Ei ulykke kjem sjeldan åleine. I USA ser bønder seg nøydt til å dumpe mjølk og knuse egg ettersom hotell- og restaurantbransjen ikkje lenger tek imot matvarer. Fleire nasjonale og til og med internasjonale matvaresystem slår sprekker, så kanskje det går mot eit samanbrot? Det norske matvaresystemet har vist seg å vera robust så langt under koronakrisa, med få flaskehalsar. Med unntak av usikker tilgang på utanlandsk arbeidskraft, har det norske systemet med forsyning av mat og drikke fungert som normalt. Spørsmålet bør likevel bli: kva no?

Alle synest å meine at vi må diskutere om vi har hatt god nok beredskap når det gjeld smittevernutstyr, medisinar og kapasitet på sjukehus. Men kva med mat? Har vi ikkje eit godt fungerande matvaresystem? Har vi ikkje pengar på bok? Pengane på bok har visseleg kome godt med, og når vi ser korleis andre land slit, kan vi like gjerne kalle Statens pensjonsfond utland (SPU) eit beredskapsfond. I 1938–1939 reiste forsyningsminister Trygve Lie rundt i Europa og kjøpte korn, noko som gjorde at det gjekk eit heilt år etter 9. april før det vart mangel på matkorn i Norge. Det er viktig at vi no går igjennom heile forsyningskjeda for kritiske vareslag med tanke på risiko og flaskehalsar. Kva om vi kunne sette av delar av SPU til eit beredskapsfond for medisin og mat?
I den siste tida har fleire peika på at føre-var-prinsippet tilseier at vi bør ha eit lager av korn og såvarer. Nokon ser mot Finland, der dei i lange tider har budd seg for det utenkjelege og har ståande reservar av oljeprodukt, maskindelar og dyremedisin. Koronapandemien har gjort det klart for alle kor skjørt dagens frihandelssystem er. Marknadens usynlege hand makta ikkje å halde dei globale systema i gang i meir enn nokre dagar eller veker før mange bedrifter måtte ha stateleg hjelp.

Alt no kan vi slå fast at det er sannsynleg at vi dei neste tiåra kan oppleva fleire kriser eller sjokk imot det globaliserte matvaresystemet. Om ikkje før så i alle fall når konsekvensane av klimaendringane med tørke, flaum og havstigning kjem for fullt, vil eit matsystem basert på lange, globale forsyningskjeder bli hardt ramma. Vi bør spørje oss om den norske landbruksmodellen i ein global kontekst toler strabasane den vil koma ut for. Pandemien gjer at vi bør sjå oss om etter nye måtar å forme eit nytt matsystem på.
Den norske sjølvforsyningsgraden ligg på om lag 40 prosent på kaloribasis. Norske husdyr er i dag delvis avhengige av å bli fôra med importert kraftfôr som kjem langvegs frå, dette gjeld mjølkekua så vel som grisen, kyllingen og laksen. Vil det da ikkje vera rette tidspunktet å undersøke korleis matsystemet vårt kan bli meir robust til å stå imot kriser og sjokk, nettopp no, når nyliberalismen er nede for teljing? For eitt er sikkert: Verda vil ikkje bli den same etter koronapandemien. Fleire har vore ute og spurt om pandemien kan vere eit vippepunkt i omlegginga til eit mindre oljeavhengig Norge. Kanskje bør vi også tenkje over korleis morgondagens matsystem kan og bør sjå ut?

Liberalisering av matvarehandelen har gjort oss vante med å kunne oppsøke matbutikken på jakt etter ferske matvarer året rundt. Fri tilgang på kva vi måtte ønske av avokado, granateple eller vassmelon blir sett på som sjølvsagt. Globaliseringa av matvarehandel og matkultur har gjort oss i stand til å skaffe kva mat det skal vera utan omsyn til sesong. Mindre enn tjue prosent av den maten som blir konsumert i verda, passerer ei landgrense. Kanskje bør vi tenke meir sesong og kor langt maten har «reist»?
Nokre har fremja ideen om «sesongialisering» av matomsetninga, som inneber at ein bur seg på å ete mat som er hausteklare i det området ein bur. Kanskje Skandinavia kunne bli eit integrert og relativt kortreist og regionalt matvaresystem etter sesongprinsippet? Kortare reiseveg fører til mindre transport, mindre emballasje og enklare logistikk. Eit regionalt matsystem vil også bli eit meir klimavenleg og robust system. Kanskje er det nettopp no, når matvaresystema viser teikn til å bryte saman, at forandring er mogleg.