Farmers with a calculator
Kvifor er det så slik at det som den norske jorda kastar av seg for dei som driv ho, har så liten verdi i marknaden? Spør Eirik Magnus Fuglestad. Foto: Colourbox

Kvifor kastar ikkje den norske jordbruksjorda av seg noko grunnrente?

Det har sjeldan vore så mykje merksemd kring bøndene sin økonomi som nett no – den sitjande regjeringa har lova ei tetting av det såkalla inntektsgapet i regjeringsplattforma si, og den førre regjeringa sette ned eit utval som nett har levert sin analyse av bøndene sine inntekter.

Det som det har vore mest snakk om i denne samanhengen er løn til arbeid og avkastning på eigenkapitalen, men lite har vorte sagt om det som heiter grunnrente, den verdien som skriv seg frå jorda. Sidan bøndene driv med bruk av jord, så skulle det vera interessant å også diskutera dei verdiane som dette kan representera.

Grunnrente er noko dei klassiske økonomane skreiv om, og det kunne dei gjera fordi dei la til grunn at det fanst tre grunnleggjande produksjonsfaktorar: Jord (eller naturen), arbeid og kapital. Dei såg det slik at for arbeid skulle du få løn, frå kapitalen skulle du ha avkastning, og frå jorda eller naturen kunne grunnrente koma på toppen. Det er særleg David Ricardo (1772–1823) som er kjend for teorien sin om grunnrente.

I Ricardo sine analysar var det skilnaden, eller differansen i kvalitet på forskjellig jord som gav opphav til grunnrente; slik at om 1000 kroner verd i kapital og arbeid vart lagt ned i eit fruktbart og lettdrive jordstykket, så ville dette gi ein ekstra forteneste mot å legga ned same arbeid og kapital i eit skrint og tungdrive jordstykke. Den ekstra fortenesta var grunnrente, også kalla ei differensialrente, sidan det var forskjellane i produktivitet som var viktige.

Ifølgje Ricardo kom det ikkje grunnrente av all jord, og dårleg jord må vera i bruk for at grunnrente skal koma frå den jorda som er god. Noko seinare kom Karl Marx på banen med omgrepa absolutt rente og monopolrente; og ein konklusjon her var at det alltid ville vera noko grunnrente fordi sjølve eigedomsretten til jorda fanga opp noko av den økonomiske verdien.

Ein grunn til at grunnrente som beskrive her ikkje er oppe til diskusjon når folk i dag drøfta bondeinntekta, er truleg at det ikkje er noko grunnrente frå norsk jordbruksjord i standard Ricardiansk forstand. Dette peika Ottar Brox på alt for meir enn tretti år sidan: «erstatning til arbeidskraft og kapital [i norsk jordbruk] overstiger avlingsverdiane med fleire milliardar, som dekkes over statsbudsjettet», skreiv han på slutten av 1980-talet.

Verdiane frå jorda her er altså så lite verdsette i marknaden at produksjonsfaktoren jord ikkje kan honorerast.

Dersom noko skulle kunna sjåast som grunnrente på den tradisjonelle måten i norsk jordbruk i dag, må det vera dei summane jord og kvoteeigarar får dersom dei leigar ut desse ressursane. Den som vil driva jorda må her betala for bruken av jorda til den som eig ho. Men, at det er berre dei som ikkje driv jord som skal få nyta grunnrente, kan ikkje vera rett.

Kvifor er det så slik at det som den norske jorda kastar av seg for dei som driv ho, har så liten verdi i marknaden? Her trur eg det er to trendar som er viktige, og som kan summerast i det som forskarane Raj Patel og Jason W Moore kallar «billiggjering». Dette vil i praksis seie ei undervurdering, eller ei nedvurdering av dei verdiane som naturen representerer. Det er to måtar dette skjer på.

“Dei rådande økonomiske teoriane i dag ser alt for ofte naturen som ei gratis gåve som kapitalen kan bruka fritt. Slik er det ikkje.”

Den eine måten er at kapitalistar i form av daglegvarekjedane pressar ned prisane som bonden får for varene sine; dei kjenner prisen på alt, men ikkje verdien av noko, og i alle fall ikkje av det som naturen kastar av seg. Ved å legga opp til å selja store volum av billige varer, blir eigarane rike på det bonden produserer.

Det andre måten «billiggjeringa» skjer på, når bøndene sjølve gradvis har erstatta det naturen kastar av seg med kapital (me kjøpar såfrøa, kjøpar semin, kjøpar nitrogen, traktor, haustemaskinar, mjølkerobot osv.).

I staden for at naturen produserer overskotet, er det kapitalinvesteringar som gir overskotet. Dermed aukar kostnadane til bonden, medan det som naturen gir, minkar. Men, dette fører også til at verdiane som naturen kastar av seg, heller eigentleg ikkje kjem fram. Overskotet blir også mindre, sjølv om prisen bonden får skulle vera den same.

I det gamle bondesamfunnet kan me seia at overskotet til bonden kom fram slik: overskot =[10-2] + 8. Her er prisen som bonden får 10, medan dei totale kostnadene er 2, og det som naturen kastar av seg er 8. I dette døme blir overskotet til bonden 16.

I dag har det vorte annleis. No ser det kanskje slik ut: overskot = [10-4] + 6. Her har det som naturen kastar av seg blitt erstatta av kapitalkostnader, slik at denne verdien har gått ned til 6, og kostnadane har stige til 4. Då endar bonden opp med eit mindre overskot, 14.

I dag er det slik at kapital både på innkjøpssida og salssida i jordbruket gjer at det eigentleg ikkje er det som jorda kastar av seg, som bonden får betalt for.

Eg veit ikkje korleis me skal endra på dette, men eg veit at me må starta med å finna verdien av det jorda gir oss, og ikkje berre kjenna prisen som marknaden underkjenner det. Dei rådande økonomiske teoriane i dag ser alt for ofte naturen som ei gratis gåve som kapitalen kan bruka fritt. Slik er det ikkje.

Denne saken ble publisert 05.10.2022 i Nationen sin spalte Faglig snakka.