
I dag driv me jordbruk som rovdrift på naturen
Skrevet av
Publisert: 11 september 2025
Oppdatert: 11 september 2025
Fagområder
Del artikkel:
Gardsbruk blir lagt ned, bygdene tømmast for folk, og jordbruket bidreg til økologisk øydelegging, trass i intensjonar om det motsette.
For å få ei berekraftig utvikling i jordbruket treng me å ta inn den sosiale delen av berekraft som ein radikal visjon om endring med utgangspunkt i bonden sitt liv og bonden sin praksis.
I jordbruket har berekraft dei siste ti-femten åra vore forstått nesten utelukkande som å redusera utslepp av klimagassar. Som ein logisk konsekvens av dette perspektivet har berekraft vorte sett fram som eit økologisk problem med ei tilhøyrande teknologisk løysing. Når det blir slik mistar me av syne korleis ei berekraftig utvikling også må handla om lokale, sosiale prosessar i samspel mellom folk og natur.
Norsk jordbruk og norske bygder representerer nokre av dei stadene og dei sektorane der folk har kjent på kroppen korleis ei berekraftig utvikling utan eit sosial fundament kan få store, negative konsekvensar. For samstundes med at avanserte teknologiske løysingar for spreiing av kunstgjødsel har vorte iverksette på gardane, samstundes med effektivisering og teknologifisering av både husdyr og planteproduksjon, med introduksjon av klimaklakulator, biogassanlegg og mjølkerobotar, så har svært mange bønder gått ut av jordbruket. Og i staden for naboar og fellesskap får dei bøndene som er att einast umælande, men likevel støyande vindturbinar att i utmarka der dei før hadde dyr i fellesskap.
Det siste døme på det teknologiske paradigmet om berekraft i jordbruket er metanhemarane som jordbrukets faglag og staten har vorte samde om å ta i bruk; ei avansert bioteknologisk løysing for å redusera produksjon av metan i vomma på kua. Dette har møtt stor motstand, og kanskje var det aldri nokon som spurte bøndene korleis dei såg føre seg at ei berekraftig utvikling kunne skje, på deira og dyra og naturen sine premiss?
I takt med at byråkratiet, politikarane og teknokratane kjem med stadig fleire løysingar og direktiv blir det stadig færre bønder. I visjonane til staten blir bonden redusert til ein slags jordas fabrikkarbeidar der produksjon av kaloriar for marknaden er det som tel – ikkje minst fordi det kan teljast og målast. På same vis blir bondens arbeid med jorda og dyra i eit økologisk perspektiv redusert til eit teknisk problem knytt til måling og teljing.
Staten har liten interesse for kven dei stadig færre bøndene i dalar og fjordar og ved foten av fjell kringom i landet eigentleg er, korleis dei driv eller korleis dei lever – og aller viktigast, korleis deira praksisar kan bli grunnlag for ei berekraftig utvikling.
Eit sinne, ei avmakt og ei stigande mistru er oppstått i kjølvatnet av dette i store delar av bygde-Noreg. Dette tiåret har så langt vore markert av distriktsopprør og bondeopprør frå dei norske bygdene. Sjølv om årsakene her var mange, vil eg meina at det overordna sett handlar om ein manglande sosial dimensjon i korleis me forstår berekraft.
Sosial berekraft handlar om å møta menneskelege behov og om rettferd og likskap, om måtar å endra sosiale praksisar på for å laga eit samfunn i tråd med dei biologiske og dei økologiske tolegrensene på planeten. Ikkje minst handlar det om sosiokulturelle praksisar som folk vil bevara i møte med endringar, og om korleis folk motsett seg eller omfamnar endringar.
Ei berekraftig utvikling for jordbruket bør ta utgangspunkt i korleis sjølve produksjonsforholda og produksjonen i jordbruket, både i sosial, økonomisk og økologisk forstand, kan organiserast. For å gå litt djupare inn i dette kan me ta utgangspunkt i det som Karl Marx kalla «stoffskiftet mellom menneske og naturen»; i dei konkrete måtane bøndene legg ned arbeid i jorda og dyra på.
I dag har me det oppstått ei katastrofal revne eller ei kløft i dette stoffskiftet: i dag driv me jordbruk som rovdrift på naturen, med overforbruk av dei ressursane som i utgangspunktet var fornybare og sirkulære. Det same gjeld for det sosiale, måten stoffskiftet med naturen er organisert på i vår tid driv også ei rovdrift på bøndene som skal utføra arbeidet.
Me må laga ein plan for korleis me kan endra måten jordbruket organiserer stoffskiftet med naturen på. Det er sjølve grunnstrukturen i jordbruket som ikkje er berekraftig; avanserte teknologiske «løysingar» vil berre akselerera den utviklinga som allereie går feil veg. Dette vil få både økologisk og sosial kollaps som resultat.
For 60 år sidan kom agronomen og antropologen Ottar Brox med det han kalla ei populistisk tilnærming til bygdeutvikling. For Brox handla dette om å ta utgangspunkt i lokale naturforhold og lokale menneske for å finna lokalt tilpassa løysingar på framtidas utfordringar.
Denne populistiske tenkemåten hadde eit økologisk utgangspunkt. Det var menneska som stod i sentrum, men menneska stod også i eit lokalt, økologisk miljø som dei levde og verka i. Kryssingspunktet mellom menneske og natur i eit landskap var der løysingar kunne skapast.
Ei verkeleg berekraftig utvikling for jordbruket og bygdene bør ta utgangspunkt i eit slikt populistisk perspektiv. Fokus må vera på korleis bøndene der dei lever og verkar i samspel med naturen og folka kring seg kan bidra til å bygga eit godt og rettferdig jordbruk innafor økologiske tolegrenser.
Kronikken vert publisert i Nationen den 5. september 2025.
Skrevet av
Publisert: 11 september 2025
Oppdatert: 11 september 2025