Ku på beite
Ku på beite

Kvoteleige – landbruksnæringa si heilage ku?

Det er på tide å finna ein måte å avvikla privat leige av mjølkekvotar på.

Dette er et debattinnlegg, skrevet av . Innlegget gir uttrykk for skribentenes holdninger.

Utleige av mjølkekvotar har i dag blitt eit gode for dei passive kvoteeigarane – og ein økonomisk hemsko for den aktive mjølkeprodusenten og vidare i verdikjede. Dette undergrev fleire mål i landbrukspolitikken, som me vil gje nokre dømer på her.

Innføring av privat sal og leige av mjølkekvotar var ei av dei større systemendringane i norsk jordbrukspolitikk på 2000-talet. Frå 2002/2003 vart det lovleg å omsetje kvoter privat, og i 2008 vart ordninga utvida med innføring av kvoteleige innafor kvoteregionane. I 2021 var 37 prosent av grunnkvotene bortdisponert, der majoriteten var leigekvoter.

Då kvoteleige kom var det i stor grad eit svar på den teknologiske og den produktive utviklinga i jordbruket – ein måte å halda produksjonen oppe på når det vart færre og større gardsbruk. I dag har privat utleige av kvotar blitt ei mjølkeku for passive kvoteeigarar, og ein aukande byrde på skuldra til dei aktive mjølkebøndene. Etter kvart som fleire bruk legg ned drifta, må dei attverande mjølkebøndene bera stadig fleire passive kvoteeigarar.

Med fri kvoteomsetning kan auka prisstøtte og budsjettoverføringar verte kapitalisert inn i kvoteprisen og fell i hendene på dei opphavelege kvoteeigarane, medan aktive og nye mjølkebønder blir påført store og laupande kostnadar. Dette gir eit betydeleg press på fastsett mjølkepris og reduserer lønsemda for mjølkeprodusentane.

Dei auka kostnadene fører til større behov for tilskot til mjølkebøndene (distriktstilskotssatsar, driftstilskot, husdyrtilskot), samstundes som mjølkeprisen og inntektspotensialet til dei aktive mjølkeprodusentane vert svekka. Planlagt gjennomsnittleg engrospris (PGE), fastsett av Norsk mjølkeråvare, vert undergreven som inntekt for mjølkebøndene, medan råvarekostnaden aukar vidare utover i verdikjeda.

For, når leigeprisen skal dekkast inn reduserer det ikkje berre mjølkeprisen til mjølkebøndene, det betyr òg høgre råvarekostnad for varemottakarar, med tilhøyrande auka press på prisutjamningsordninga. Dette gir dyrare meierivarer for innkjøparar i matindustrien. Gjennom dette blir konkurransekrafta til norsk mjølkeråvare og meieriindustri svekka i konkurransen mot importerte varer, som ost og produkt frå RÅK-industrien (iskrem, sjokolademjølk og yoghurt), som er ein del av den frie vareflyten i EØS.

Utleige av mjølkekvotar forsterkar òg strukturendringane i jordbruket. Kvotane vert ofte leigd av dei mest konkurransedyktige bruka i kvar kvoteregion, medan små og mellomstore bruk i meir marginale område leiger ut. Dette utfordrar målet om landbruk i heile landet, spesielt på bruksstrukturen innanfor den enkelte kvoteregion. Kvoteleige er difor ein sterk drivar og tilretteleggjar for større og færre mjølkebruk.

I tillegg svekker kvoteleige bruken av norske fôrressursar, særleg innhausta grovfôr og beite. Kyr som før åt gras i marginale område blir flytta til dei beste områda og et i større grad kraftfôr (delvis importert) for å kompensera for manglande tilgang på beite og grovfôr, etter kvart som husdyrtalet på det enkelte bruk vert høgre enn det fôrgrunnlaget bruket har. Dette svekker koplinga mellom arealgrunnlaget på bruka og produksjonsvolumet i norsk mjølkeproduksjon. Over tid utfordrar det både eiga matsikkerheit og sjølvforsyningsevna.

Trass i alle desse negative effektane, er det liten vilje i både næringa og Stortinget til å endre systemet. Rett nok kom det ein rapport frå eit partssamansett utval om problematikken i 2023. Rapporten kom med få forslag til endring, og den konkluderte med at ei statleg avvikling av kvoteleige kunne vera grunnlovsstridig. Me ser ingen grunn til å akseptera det premisset.

Med fiskekvotar har det til dømes ikkje vore noko problem opp mot Grunnlova at staten gjer endringar, også med tilbakeverkande kraft, jamfør Høgsterett si avgjersle kring tildeling og varigheit for tildelte fiskekvotar.

Heller enn at kvotane skulle vera beskytta av Grunnlova, har privat leige av mjølkekvoter vorte ei heilag ku i næringa som få ynskjer å røre eller drøfte. Me ser ingen grunn til at norsk jordbruk skal halda seg med heilage kyr. Det er på tide å finna ein fornuftig og skånsam måte å avvikla privat leige av mjølkekvotar på, til fordel for aktive mjølkebønder, verdikjeda og norsk landbrukspolitikk.

Denne kronikken ble publisert i Nationen den 18. desember 2025.