Potetåker Foto: Odd Roger Langørgen
Potetåker Foto: Odd Roger Langørgen

Kronikk: Er Håvard Teigen ein småbrukar?

Håvard Teigen er mellom dei som har blanda seg inn i den viktige debatten om botnfrådraget i jordbruksoverføringane (Klassekampen 3. juli), som i årets avtale vart heva frå 6000 til 11.000 kroner.

Grunngjevinga er at overføringane til jordbruket skal gå til dei som lever av å produsere mat og ikkje gå til «hobbybøndene», kven no det skulle vera. Her bør vi kunne stille oss spørsmålet om kven som bidrar til å oppfylle måla om auka sjølvforsyning, opent kulturlandskap, biologisk mangfald, jordbruk over heile landet og ikkje minst sikre beredskap i krise og krig.

Ettersom Håvard Teigen er ein godt kjent professor emeritus, deltids produsent av mandelpotet og robust debattant, tillet eg meg å bruke han som eksempel. For det første er Håvard Teigen ein småbrukar? Svaret må bli ja, han produserer mat på eit mindre areal og kvar han hentar det meste av inntekta, om det er frå snøbrøyting, anleggsarbeid, kommunal eller privat tenesteyting er uvesentleg. Neste spørsmål: bidrar hans potetproduksjon til auka sjølvforsyning? Svaret må bli ja, vi treng meir norskprodusert potet.

Bidrar småbruksdrifta hans til å halde landskapet opent og til biologisk mangfald. Kanskje kunne ein nabo som treng meir jord kunne gjort det like godt. Eller kan det vera at han som eig bruket, har vakse opp der og kjenner jordsmonn og driftsforhold driv best. Bidrar Teigen og hans like til å halde oppe matproduksjon over heile landet? Svaret må bli ja. Og endeleg, bidrar småbrukaren som elles er lærar eller snikkar, sjukepleiar, frisør eller pensjonist, til å sikre oss større matvareberedskap i krise og krig? På nytt må svaret bli eit tydeleg ja.

«Vi treng meir norskprodusert potet»

Reidar Almås

Landet vårt treng småbrukaren, deltidsbonden, hobbybonden eller kva ein måtte kalle han eller ho, like mykje som heiltidsbonden. Så langt kan eg støtte dei som no kjempar imot auken i botnfrådraget. Derimot er eg ikkje einig i at det er den statlege politikken er den viktigaste årsaka til nedlegginga av små bruk. Det er utviklinga av jordbruksteknologien som er den største bondekannibalen. Dernest kjem godt betalt alternativt arbeid i industri, offentleg og privat tenesteyting. Tvert imot er det ei rekkje verkemiddel, slike som husdyr- og pristilskota, der det er størst støtte til mindre produksjonar.

Det er fem berebjelkar i norsk jordbrukspolitikk: inntektsforhandlingane mellom staten og jordbruksorganisasjonane, marknadsreguleringa i regi av landbrukssamvirket, det tollbaserte grensevern, landbrukslovene (jordlov, odelslov og konsesjonslov) og endeleg dei politiske verkemidla utjamning mellom produsentar etter storleik, produksjon og distrikt. Det er ei gåte for meg at korkje bondelagsleiar Gimming eller landbruksminister Sandtrøen nemner utjamninga i innlegga sine. Etter mitt skjønn er utjamninga mellom bruksstorleikar, geografi og produksjonar sjølve juvelen i norsk jordbrukspolitikk. Da er det dobbel uforståeleg at staten gir med den eine handa og tar med den andre med dette botnfrådraget.

Snarast råd må Bjørn Gimming og Tor Jacob Solberg sette seg ned og kladde dei setningane som må til for å skrote botnfrådraget i neste års felles krav til jordbruksoppgjeret. Botnfrådraget må bort fordi småbrukaren bidrar til dei fleste måla i jordbrukspolitikken. Til det trengst ikkje friske pengar ein gong. Det er nok å ta av i arealtilskotet, det mest passive av alle verkemiddel, som no har passert seks milliardar kroner.

Rasjonaliseringa i jordbruket har vore ei suksesshistorie. Berre i mi tid som deltidsbonde, frå 1970 til 1994, tredobla vi produktiviteten. Vi starta med slåmaskin og sleperive for hest i 1970. Da tok slåttonna tre veker. Vi avslutta med traktor og tilhøyrande utstyr, men da gjorde vi same arbeidet på ei veke. Og kven skulle ha ete maten dersom vi hadde hatt 155.000 bønder, slik det var i 1969. No flatar strukturutviklinga ut, og det er bra, for vi treng å ha med vidare alle som kan å produsere mat.

Les Håvard Teigen sin kronikk her.