Samdrift – trugsmål mot småskalajordbruket eller berre ei rasjonell føretaksøkonomisk tilpassing?

Under trykket frå dei stadig strammare rammevilkåra, søkjer bøndene etter nye produksjonsmåtar og organisasjonsformer for å kunne redusere kostnader og risiko. Det har vore ein landbrukspolitisk debatt om betydinga av og framtida for samdrift og fellesfjøs. Samdrift ser ut til å verka forlokkande på stadig fleire som ønskjer å satse på ein leveveg i landbruket. Strammare rammevilkår for næringa, har skapt ein nesten eksplosjonsarta vekst i talet på samdrifter dei siste åra. Talet på samdrifter har forlengst passert 1000, med over 2300 bruk som medlemmar. Hovudmålsettinga med prosjektet er å få auka kunnskap om dei landbrukspolitiske, bygdesosiologiske og føretaksøkonomiske sidene ved samdrift og gjennomføre ei vurdering av dei langsiktige konsekvensane av den raske veksten. Det vil bli gjennomført ein omfattande nasjonal studie for å dokumentere kva samdrift fører til, for den einskilde samdriftsbonde, for det lokale landbruksmiljøet og for norsk landbruk samla sett. Er det slik at etableringar av samdrift påskundar nedlegging av bruk og avfolking av landbruksnæringa? Eller er samdrifter med på å gjera landbruksforetaka meir robuste og norsk landbruk meir konkurransedyktig internasjonalt? Korleis ser lokalsamfunn og storsamfunn på utviklinga? Kva motiverer for samdrift? Kva er flaskehalsane? Kva er dei økonomiske effektane? Kva er dei viktigaste årsakene til oppløysing? Korleis påverkar fellesdrift arbeidsmiljøet på bruket og i lokalsamfunnet, rekruttering og arbeidsdeling?

Nyheter

Ku på beite

Kvoteleige – landbruksnæringa si heilage ku?

Dette er et debattinnlegg, skrevet av Eirik Magnus Fuglestad, Ruralis, Torbjørn Tufte, Agrianalyse, Ola Flaten, Nibio. Innlegget gir uttrykk…

Les mer
Potetonn i Torp

Om mold og motstand

Det som verkeleg har verdi, er det som veks opp av jorda, det som spirer i molda», sa…

Les mer

La oss bli småbrukarar att!

Dette er et debattinnlegg, skrevet av forskar Eirik Magnus Fuglestad. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger. Innlegget blei…

Les mer
bygdesamfunn EPS 2009

Bygdepo­pu­lismen som forsvann

Dette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger og er skrevet av Eirik Magnus Fuglestad som…

Les mer

Publikasjoner

  • Artikkel

2025

A-19/25 Dei nye småbrukarane

Bidragsytere:

Beskrivelse

Denne artikkelen beskriv ei gryande endring i måten nokre norske bønder driv jordbruk på. Eg kallar dette for «småbrukarmåten» å driva jordbruk på. Å driva på småbrukarmåten er ei kvardagsleg motstandshandling mot den rådande utviklinga i jordbruket. Artikkelen sett føre å beskriva småbrukarmåten for å få fram at den kan fungera som ein heilskapleg metode for eit berekraftig jordbruk som kan vera eit alternativ til dagens ofte dysfunksjonelle jordbruk.

 

Kontakt oss

Ønsker du å komme i kontakt med oss?
Fyll ut skjemaet under så vil vi svare deg så fort som mulig.