Landbrukspolitikk og klimakrise (AGRIPOL)

Prosjektet vil undersøke den landbrukspolitisk responsen på stigande matprisar og klimakrise. Kva omgrep og kunnskap trengst for å reformere landbrukets institusjonar og verkemiddel i den nye situasjonen? Mye tyder på at vi står framfor eit grunnleggande internasjonalt skift når det gjeld matprisar og landbrukspolitikk. Matprisane har stege mye internasjonalt dei siste halvtanna året, og sjølv om ein del av prisstigninga er drive av spekulasjon, er det fleire underliggande faktorar som har endra seg varig. På etterspurnadssida ser ein at ein veksande middelklasse i land som India og Kina har fått auka kjøpekraft. Samtidig er det sett i verk politiske tiltak for å støtte produksjon av biodrivstoff på matjordareal, delvis av strategiske og geopolitiske grunnar (Brasil, USA), men også for å motverke klimakrisa (EU). Dette, saman med den tekniske utviklinga gjer at mat kan konverterast til energi og omvendt på ein stadig meir nyskapande og effektiv måte. Hovudmålet med prosjektet er å utvikle komparativ innsikt og kunnskap om korleis den nye situasjonen med høge matprisar og klimakrise slår ut i ulik respons i relevante land og landbrukspolitiske regime. Studien vil analysere korleis politikkutformarar, bøndene og landbrukssegmentet i utvalde land reagerer på og tilpassar seg den nye situasjonen, og kva konsekvensane blir for økonomien i næringa, bygdesamfunnet og miljøet. Det overordna formålet med prosjektet er å utvikle kunnskap om korleis ein kan fremme berekraft i landbruk og bygder etter den ny-produktivistiske vendinga i utvalde land. Sentralt blir å skaffe fram ei forståing av interesser, strategiar og tilpassingar til den nye situasjonen: – Kva er marknadsresponsen på auka pris og etterspørsel? Korleis tolkar og tilpassar ulike landbrukspolitiske regime seg til den nye situasjonen med omsyn til dimensjonane i det multifunksjonelle landbruket? – Kva skjer på det retoriske planet; korleis blir den landbrukspolitiske diskursen endra i ulike land, og korleis svarer retorikken til realitetane? – Korleis blir berekraftig landbrukspolitikk satt ord på, presentert, tolka, kritisert og representert av sentrale aktørar? – Kva framtid og legitimitet har eit berekraftig og multifunksjonelt landbruk i ei tid med høge matprisar og klimakrise? – Kva politiske verkemiddel og institusjonar er nødvendige for å få til både eit berekraftig landbruk (det multifunksjonelle målet), og ein produksjon som er stor nok til å brødfø verda og bidra til å nå klimamåla (produksjonsmålet).

Prosjektdetaljer

Prosjektperiode

01/01/2009 - 31/12/2014

Eksternt Prosjektnr.

Prosjektnr.

6238.00

Samarbeidspartnere

Agresearch, CSAFE, Scottish Agricultural College, Humboldt University, Århus University Waterloo university

Kontakt oss

Ønsker du å komme i kontakt med oss?
Fyll ut skjemaet under så vil vi svare deg så fort som mulig.