Samdrift – trugsmål mot småskalajordbruket eller berre ei rasjonell føretaksøkonomisk tilpassing?
Under trykket frå dei stadig strammare rammevilkåra, søkjer bøndene etter nye produksjonsmåtar og organisasjonsformer for å kunne redusere kostnader og risiko. Det har vore ein landbrukspolitisk debatt om betydinga av og framtida for samdrift og fellesfjøs. Samdrift ser ut til å verka forlokkande på stadig fleire som ønskjer å satse på ein leveveg i landbruket. Strammare rammevilkår for næringa, har skapt ein nesten eksplosjonsarta vekst i talet på samdrifter dei siste åra. Talet på samdrifter har forlengst passert 1000, med over 2300 bruk som medlemmar. Hovudmålsettinga med prosjektet er å få auka kunnskap om dei landbrukspolitiske, bygdesosiologiske og føretaksøkonomiske sidene ved samdrift og gjennomføre ei vurdering av dei langsiktige konsekvensane av den raske veksten. Det vil bli gjennomført ein omfattande nasjonal studie for å dokumentere kva samdrift fører til, for den einskilde samdriftsbonde, for det lokale landbruksmiljøet og for norsk landbruk samla sett. Er det slik at etableringar av samdrift påskundar nedlegging av bruk og avfolking av landbruksnæringa? Eller er samdrifter med på å gjera landbruksforetaka meir robuste og norsk landbruk meir konkurransedyktig internasjonalt? Korleis ser lokalsamfunn og storsamfunn på utviklinga? Kva motiverer for samdrift? Kva er flaskehalsane? Kva er dei økonomiske effektane? Kva er dei viktigaste årsakene til oppløysing? Korleis påverkar fellesdrift arbeidsmiljøet på bruket og i lokalsamfunnet, rekruttering og arbeidsdeling?
Prosjektdetaljer
Prosjektperiode
01/01/2004 - 31/12/2007
Prosjektnr
6162.00
Finansiering
Norges forskningsråd, Progammet for Marknad og samfunn
Kontakt oss
Ønsker du å komme i kontakt med oss?
Fyll ut skjemaet under så vil vi svare deg så fort som mulig.