NRF ku. Foto: Odd Roger K. Langørgen
Foto: Odd Roger K. Langørgen

Klimasmart trønderbonde

Kva kan trøndersk landbruk bidra med for å stabilisere klimaet på kloden?

Visste du at Trøndelag har vorte Norges største landbruksfylke? Med eit pennestrøk passerte Trøndelag ved årsskiftet Rogaland på produksjonsverdi, talet på bruk og årsverk. Trøndelag er størst på mjølk, storfekjøtt og kylling, mens Rogaland held stand på svin og sau. Den store utfordringa trønderlandbruket står framfor no, er det grøne skiftet. Er trønderbonden og dei som skal styre nye Trøndelag klare for dette?

Når ein høyrer på trønderske politikarar som feirar nye Trøndelag, er det mest snakk om høgteknologi og sjømatnæringa. Landbruk og matindustri, den største fastlandsnæringa i landsdelen, kjem i skuggen. Ikkje noe gale med dei to første: Miljøa rundt NTNU og sjømatnæringa på kysten vår er mellom dei fremste i verda på sine felt. Skal trøndersk landbruk og matindustri oppnå den same posisjonen, må det eit taktskifte til.

Norge lova på FN sin klimakonferanse i Paris at vi skal redusere klimagassutsleppa i 1990 med 40 prosent innan 2030. No skal også sektorane som har vore haldne utanfor klimarekneskapen, altså landbruk, transport, reiser og bygg, reknast med. Landbruket står for vel åtte prosent av dei norske utsleppa av klimagassar.

Kva kan landbruket bidra med til denne omstillinga? Trønderbonden har alt registrert at somrane er våtare, regnskurene er fleire og blautare enn før, stormane kraftigare og vintrane kortare. Er du bonde på Hitra, i Åfjord eller Nærøy, har du merka dette meir enn mange andre, men eit varmare, villare og våtare klima er registrert over heile landsdelen. Meir skal koma, og mange bur seg på det. Bønder flest driv med klimatilpassing, mange kanskje utan å vita at dei gjer det.

Norsk og trøndersk landbruk har ei rekkje fortrinn, som gjer det realistisk å slå fast at landbruket kan bli er ein del av løysinga på klimautfordringane. Den første og heilt openbare fordelen er at lengre somrar og milde vintrar gagnar årsveksten her nord. Tida av året der fotosyntesen gjer gratis arbeid for bonden, vil berre auke i framtida, og vatn har vi nok av i Trøndelag.

Ein annan fordel for trønderbonden er at dei fleste gardsbruka har skog: Skog bind karbon, og bidrar i dag til å binde om lag halvparten av det menneskeskapte karbonutsleppet i Norge. Med god skogskjøtsel, større og fornuftig avverking, utnytting av restvirke til bioenergi og langt meir bygging i tre, kan skogbrukets bidrag til karbonbinding og klimatilpassing aukast monaleg. På studentbyen på Moholt står Nordens største trebygg, bygd i ni etasjar av laminert massivtre, kåra til «Årets bærekraftige byggeprosjekt» i 2016. Fleire og større slike hus vil bidra til å binde karbon i hundrevis av år.

Ein tredje klimafordel for norsk landbruk er den gode dyrehelsa. God dyrehelse, få matborne sjukdomar og trygg mat er eit anerkjent kjenneteikn ved den norske produksjonsmåten. I tillegg til å vera bra for dyrevelferd og bondens økonomi, er god dyrehelse svært god klimapolitikk. Det kan synast som ein detalj, men skjering av klauvene på mjølkekyr for å sikre god klauvhelse gjer at kyr kan mjølke frå 500 til 1500 kilo meir mjølk per kalving. Betre velferd for kua gir færre kyr for bonden å røkte. Meir mjølk med mindre bruk av fôr og beite gir mindre klimaavtrykk. Ein britisk studie viser at sjuke dyr har opp til 25 prosent høgare utslepp av klimagassar enn friske dyr. La oss ikkje skusle bort den gode dyrehelsa, som er ein fordel ved den norske landbruksmodellen.

Det høge avdråttsnivået hos husdyra, og det gode og stigande avlingsnivået i planteproduksjonen, er ein fjerde stor klimafordel ved norsk jordbruk. Den norske NRF-kua er den beste klimakua, fordi den kombinerer høg avdrått på mjølk med kjøttproduksjon på kalvane i tillegg, slik at klimaavtrykket kan fordelast på fleire produserte kaloriar. Forsking viser at høgare avdrått per dyr gir mindre utslepp av klimagass per produsert kalori av kjøtt og mjølk. Utsleppa i planteproduksjonen blir og mindre ved intensiv dyrking av gode plantesortar.

Ifølge direktør Sverre Bjørnstad i avlsorganisasjonen Geno kan ein drive avl for å få fram ei ku som slepper ut mindre klimagassar. Det vil seie at på same måte som det tok 20-30 år å avle fram NRF-kua med dagens høge avdråttsnivå, så kan vi på tilsvarande måte avle fram ei «klimaku», som slepper ut betydeleg mindre metan enn i dag.

Elles er det stor aktivitet når det gjeld biodrivstoff for tida, etter at det kom pålegg om innblanding av biobasert drivstoff. Dette er andre generasjons biodrivstoff, som kjem frå biologisk råstoff som ikkje kan bli mat eller dyrefor. Som alle som passerer Skogn kan sjå, bygger Biokraft ein fabrikk på Fiborgtangen. Den skal vera klar med sin første leveranse av flytande biogass til Trondheimsbussane i løpet av 2018.

Biogassanlegg på kvar gard ligg lengre fram i tid, men alt i dag hentar Tines tankbilar biogass frå gardsanlegg i Vestfold. Småskala gardsanlegg betyr store kapitalutgifter og det bør derfor koma ei ordning med fondsavsetning, som også kunne gjelde alle klimatiltak. I tillegg treng landbruket tolmodig kapital utanfrå for å gjennomføre dei investeringane som trengst før dei klimasmarte løysingane gir inntekter.

Alt dette og mye meir skriv eg om i boka «Klimasmart landbruk», som nettopp kom ut. Det er ei bok du skal bli optimist av, ikkje minst om du er trønderbonde. For å vera ein smart klimabonde, må du tenke 20-30 år fram i tid, på kva du må gjera på din gard, både for å tilpasse deg, men og for ta din del av klimadugnaden. Eg er rimeleg sikker på at dei som nektar å vera smarte klimabønder, ikkje er med oss som bønder om 20 år.