Melkebonde med robot
Melkebonde med robot Foto: Colourbox

Kapitalens mjølkekyr

Der det før sto stakkar av kornstaur som Kittelske troll utover jorda, ligg det no kvite plastballar strødde i bakkane som kampesteinar kasta av kjemper. Og der bondekona før lente panna mot den varme sia til ei vestlandsk raudkolle medan ho mjølka ei av dei seks kyrne sine, står no 60 kyr i rekkje framfor ein skinande blank robot. Teknologien har endra det norske landbruket. Men kor kom teknologien frå? Kva og kven har forma den?

Då jordbruket, som no gjerne omtalast som ei politisk næring, for alvor vart underlagt politisk styring etter den andre verdskrigen, kan det på mange måtar sjå ut til at det var sjølve politikken som la opp til og fremma bruk av nye teknologiar i det som Jens Aarup Seip har kalla eittpartistaten med Arbeidarpartiet, og som Berge Furre har kalla den sosialdemokratiske orden. Det var modernisering og rasjonalisering som var det gjeldande evangeliet. Traktorar vart importerte frå USA, og gardane vart medvite politisk styrte mot større einingar. Gardane skulle kunna brødfø ein familie ved hjelp av mekaniske og kjemiske nyvinningar. Det gamle jordbruket med naturalhushald, drenger og budeier, med ungar og kårfolk, kverva bort i eksosen frå traktorane. Ut or den kunstgjødsla jorda vaks det spesialiserte, mekaniserte familiejordbruket fram.

Dette var ein villa politisk prosess, og teknologien og politikken spela på lag. Både samfunn og marknad var klare. Det var ideologisk vilje og tru på det teknologiske framsteget, og dermed blei det politisk semje om bruk av politiske så vel som økonomiske verkemiddel.

Grunnlaget var lagt for ein stadig større teknologisk ekspansjon og ei stadig større strukturrasjonalisering. Men allereie på 1970-talet ser ein ei gryande trend til at teknologien undergrev politikken, som om politikken blir ei sliten handbrekke som prøver stogga den stadig større traktoren frå å trilla ned bakken og ut i fjorden ein stad på vestlandet.

Med eitt var det som om teknologien kom ut av kontroll. Det er motivet frå Prometevs-myten via Frankenstein til WestWorld; den menneskeskapte teknologien får sit eige liv og byrjar verka på liva til menneska.

Det var som om teknologien kom ut av kontroll

Politikken skulle prøva demma opp for konsekvensane av teknologien. Jordbrukspolitikken sidan 1970-talet er full av reguleringar som tek sikte på å halda ein bruksstruktur med både store, små og mellomstore gardar over heile landet, og ein tok til å innsjå at folkevandringa frå bygdene til byane burde bremsast. Mot dette står den stadig ekspanderande teknologien som driv jordbruket mot stadig større, færre og dyrare einingar.

Talet på bruk i Noreg har gått ned frå 200.000 kring 1950 til 40.000 i dag. Berre sidan år 2000 har det vorte lagt ned om lag 1500 bruk kvart år. Mykje av dette er drive av teknologien: Mjølkeroboten krev eit minimum av kyr for å vera lønsam, rundballeutstyr krev større areal for å forsvarast som investering. Samstundes endrar dei nye teknologiane kvardagen til bonden. Der ho før traska i fjøset og sette mjølkeapparat på dei ti kyrne to gongar om dagen, administrerer ho no ein robot. Der ein under slåttonna med fôrhaustar trong heile familien og fleire til i vekevis, brukar ein person no berre dagar eller timar på same jobben med ei rundballepresse.

Teknologiane sparer på den eine sida bonden for arbeid og effektiviserer for henne, men i det dei gjer dette tvingar dei fram ekspansjon og utviding. Dei strukturdrivande teknologiane snik seg somme tider under den politiske radaren – ingen har til dømes diskutert politisk om me ynskjer rundballepressa i norsk jordbruk. Andre gonger pressar teknologien seg inn.

Slik var det med mjølkeroboten. Kapasiteten på 60 kyr passa ikkje den gjennomsnittlege bruksstorleiken på 12–13 kyr. Ofte vart løysinga at fleire bønder gjekk saman om å driva samdrift med robot. No er mjølkekvotepolitikken mjuka opp, slik at samdriftene har politisk løyve til å produsera meir mjølk. Strukturen tilpassast den nye teknologien.

Dei teknologiske endringane får konsekvensar. Mange bønder slit med høg gjeld og låg avkastning. Somme kjenner seg einsame der dei har vorte eineherskarar i dalen sin saman med roboten og den nye svære traktoren. Eigedomsstrukturen endrast. Den danske folkeminnegranskaren Rasmus Blæder Larsen fullførte nyleg si doktorgradsavhandling der han beskriv korleis dei strukturelle endringane i dansk jordbruk sprenger ramane for det tradisjonelle sjølveierskapet. Kapitalkrava i det danske landbruket er i ferd med å bli så store at den einskilde bonden ikkje lenger kan skaffe kapital nok til å byggje og bu i landbruket. Dei må hente så mykje kapital frå pensjonsfond og andre i finansnæringa at dei i beste fall kan få seg jobb som driftsleiarar på gardane.

Likevel er relasjonen mellom teknologi, politikk og samfunn ikkje berre einvegs. Utviklinga er samansett, og går både att og fram. Mange bønder står i dag klare på til å bruka nye teknologiar for eit jordbruk i framtida. Dei vil bruka satellittar til å måla og kartlegga verdiar i jorda dei eig, dronar og nette robotar som køyrer over marka med presis teknologi for hausting og ugrasbekjemping. Og kanskje kan dronane i framtida jaga ulven til skogs? Det hadde vore noko.

Dei nye teknologiane kjem ikkje alltid av seg sjølve. Kanskje er ikkje marknaden moden? Eller ein veit ikkje korleis teknologien vil møta utfordringar i arbeidsorganiseringa på gardane, eller korleis samvirke heng saman. Vil politikken sette rammer for bruken, og vil menneska som skal leva med den setja seg mot den? Eller i det minste ha eit ord med i laget?

Svara på spørsmåla over, må vera tufta på kunnskap og forsking på kva krefter det er som driv jordbruket, på korleis samspelet mellom, samfunn, marknad og teknologi verkar. Jordbruket sjølv treng klare tankar om kor ein vil gå, og politikarane må visa verkeleg handlekraft – dersom ein framleis har som mål eit jordbruk som politisk skal kunna styrast mot økologisk, så vel som økonomisk, berekraft.

Denne kronikken stod på trykk i Klassekampen 19. juli 2018.