Vannspreder
Illustrasjonsbilde: Odd Roger Langørgen

Mat i morgon

Me kan gjera lite med tørken. Men me kan førebu oss til neste år.

Alle har no fått med seg at «super-sommaren» i Sør-Norge for lengst har vorte til ein skrekksommar for bøndene. Det står om det tilmed i storavisa VG og i det elles ikkje så «jordnære» Morgenbladet.

Det er bra, for det er viktig.Men det nyttar ikkje kor mykje ein skriv – ingenting gror av blekket som sprutar. Heime på garden vår har bonden – far min – og han som før dreiv jorda, farfar, stort sett stilt seg ganske stoisk til situasjonen. Når graset i bakkane først ligg brunbrent, bekkane er i ferd med å tørka ut og slåtteåkaren knapt gir meir avling enn ein nyslått plen, så er det ikkje så mykje ein kan gjera med saka i augneblinken. Ein må ta ein dag om ganga, og gjera dei få tiltak ein kan. «Kjem det ikkje regn, så kjem det ikkje regn, og er det ikkje fôr å få fatt i, så er det ikkje fôr å få fatt i. Det er ikkje så mykje ein kan gjer med det», seier far.

Det som ein på den andre sida kan gjera, er å planlegga for komande år. Det er rett nok ikkje så lett når det eine året vert det våtaste i mans minne, medan det neste skapar ørkentilstandar. Likevel, kva er det me som samfunn kan gjera for å bøta på framtidige skader?

Eg skriv me som samfunn. Stortinget står framleis støtt på ideen om at jordbruk er meir enn berre «vanleg» næringsliv – me vil at bøndene skal driva jordbruk i heile landet vårt for å produsera mat til oss som bur her. Me vil vera trygge på at me har tilgang mat. Av denne grunnen subsidierer staten eit jordbruk som det elles ville vore lite lønsamt å driva ut frå eit reint bedriftsøkonomisk omsyn, grunna klimatiske og geografiske faktorar. Difor bør det også vera eit politisk ansvar for storsamfunnet å planlegga for komande ekstremvêr – men bøndene skal sjølvsagt også sjølve førebu seg.

Storsamfunnet må planlegga for komande ekstremvêr

Bøndene oppfordrast i det lengste til ikkje å slakta ned bølingane sine under fôrmangelen som melder seg. For bonden vil det då ta fleire år ala opp til dømes ei mjølkeku att – som me veit, må den først vera kalv, så kvige, før den vert ku. Dermed mister ein inntekter i mange år. For slakteria og matmarknaden vil masseslakting skapa store balanseproblem. Folk et berre til dei er mette, og kanskje legg dei nokre kotelettar i frysa. Kva skal ein gjera med resten? Vil prisane bli dumpa? Og kva med neste år? Då kan det bli mangel på både kjøtt og mjølkeprodukt. Situasjonen er no slik at husdyrbønder kan risikera å måtta bruka mest heile inntekta på innkjøp av fôr, og kornbønder kan få store tap då dei ikkje får avlinga fram til mogna korn.

Spørsmålet må vera om me som samfunn kan laga betre institusjonar, rutinar og sosiale samspel som førebuing på at me kan få fleire år med ekstrem tørke eller ekstrem væte. Ikkje berre det, me må, på eit overordna nivå, ta innover oss at matforsyninga vår er sårbar og avhengig av finstemte biologiske prosessar. Dei kan svikta, og me må førebu oss på at me då har eit robust jordbruk og eit utvikla system for handtering for både bønder og dei som treng mat.

Det krevjast forsking, utgreiing og diskusjon. Ein stad å starta kan vere å stoppa utviklinga mot større, færre og meir intensive gardsbruk. Ein trur kanskje at dette skaper betre beredskap i form av meir produsert mat. Kanskje, eller er det slik at fleire mindre intensive einingar er eit betre grunnlag for å tilpassa seg endringar i naturen? Bør ein leggja til rette for at gardsbruka blir meir mangfaldige i kva dei produserer? Kan ein nytta resursane på ein anna måte? Ei anna sak er om stat eller kommune burde gå sterkare inn for å sikra dei sams vassressursane betre mot både flaum og tørke.

Ein ting er sikkert. Noko må skje, ting kan ikkje halda fram som før når omstende endrar seg.

Denne saken stod på trykk i Klassekampen 01.08.2018.