Norsk NRF
- Totalt står jordbruket for 8 prosent av dei norske klimagass-utsleppa. Halvparten av dette kjem frå rap og promp frå husdyr. Foto: Colourbox

Meir kjøt og mjølk og kutt i utsleppa – går det?

Kva rolle skal det tradisjonelle kjøt- og mjølkebruket ha i eit klimanøytralt samfunn? Har denne næringa ein plass der? Sikkert er det at klimagass-utsleppa må kuttast. Men mat treng me jo også. Økonomiske og politiske føringar gjer det vanskeleg for den einskilde bonden å handla klimavenleg.

Ein stad på den sju mil lange, låge sandstranda som er Jæren, sit ein underleg gråsprengd ein. Han har mandelmjølk i handa og avokado smurt i skjegget, som restar av grønt barberskum.

Utanfor, i vest, bryt havet. Innafor er eit armt, grått landskap, med lyngbrune bakkar og bleike myrar. Ja, landskapet er mest slik Garborg beskreiv det, men ikkje heilt. Det er overgrodd av kratt og buskas no, ikkje bert og trelaust lenger – for ingen driv lenger jorda med husdyr.

Kva har skjedd? Jo, den norske regjeringa bestemte oss for å fasa ut det norske kjøt- og mjølkebruket, ein gong på 2030-talet. Me skulle nå forpliktinga om å verta eit lågkarbonsamfunn innan 2050. Næringa var uansett dyr i drift og ineffektiv, og ikkje minst klimafiendtleg. Ein vart kvitt alle rapande husdyr og metanutslepp, og slik kutta ein mest 10 prosent av dei norske klimagass-utsleppa. All mat – som mandelmjølk og avokado – byrja ein så å importera.

Den gråsprengde tenkjer sitt medan han tømer den siste resten mandelmjølk. Mykje hadde han slite. Putla med jorda og granska skrifta, pint grøde or molda og von av draumane sine. Men ikkje lenger no, rotlaus var han vorten. Klimabyråkratiet var det som til slutt knekte hundreårige tradisjonar. Endelykta var komen. Fred hadde han fått, lik Garborg sin bonde.

Kraftig kost

Det som er beskrive ovanfor, er neppe eit realistisk framtidssenario, heller ein parodi på debattar som går i dag – klimadebattar om jordbruket.

Dei handlar mellom anna om at regjeringa og jordbruket nyleg har laga eit forhandlingsdokument som tek som utgangspunkt at bøndene skal kutta 5 millionar CO-ekvivalentar fram mot 2030. Det er kraftig kost, men ikkje like kraftig som å kutta kvar femte norske mjølkeku – som Norges Bondelag rekna seg fram til vil vera konsekvensane av konklusjonen i ein tidlegare publisert klimarapport.

Debatten om landbruk og klima har gått lenge. Og sikkert er det at samfunnet som heilskap må kutta klimagass-utslepp. Men dette er sjeldan lett. Problemet for landbruket ligg særleg i kjøt- og mjølkeproduksjonen, der sjølve kjernen i produksjonen – altså husdyra – slepp ut metangass, som har mange gonger større oppvarmingseffekt enn CO. Totalt står jordbruket for 8 prosent av dei norske utsleppa. Halvparten av dette kjem frå rap og promp frå husdyr. Korleis skal ein då tilpassa seg klimakutt?

Andre tankar

I forskingsprosjektet «Nye stier mot et lavutslippsamfunn» (NEWPATH), har me i Ruralis sett på korleis kjøt- og mjølkesektoren kan tilpassa seg klimakutt. Det som kjem fram, etter å ha snakka med næringa, er at sektoren sjølv ser moglegheiter. Dei meiner at betre agronomi og optimal gang i dei naturlege syklusane frå mold via ku til bord, og attende til mold, kan vera med på både å binda og redusera klimagass-utsleppa. Og dei har all interesse av at klimagassar vert kutta – som me vart minte på i sommar, er bøndene dei første som får merka klimaendringane.

Samstundes ser me tendensar til såkalla strukturelle, fastlåste situasjonar. Det vil seie at økonomiske og politiske føringar gjer det vanskeleg for den einskilde bonden å handla klimavenleg. Bonden vil, og har tru på at beitebruk og produksjon frå det kan vera bidrag til klimaløysinga, men for at dette skal skje, må dei politiske og økonomiske rammene leggast til rette.

Dilemma som krev nytenking

Noko av det vanskelege er kanskje at det er politisk vedteke at ein både skal ha landbruk i heile landet og auka produksjon, – samstundes som at ein skal kutta klimautslepp frå jordbruket. Korleis heng vekst i volum saman med kutting av utslepp? Her trengst kanskje nytenking både frå jordbruket, men ikkje minst frå styresmaktene.

Det er nett her det store spørsmålet ligg. Bonden kan ikkje åleine redde klimaet. Då endar han opp som den gråsprengde mannen i starten av teksten. Når jordbruket framleis er politisk definert som ei fundamental samfunnsinteresse, må det også vera politikken si rolle å laga rammer som gjer kan gjera næringa både klimavenleg og økonomisk robust.

Men det hastar, – for bonden, og ikkje minst for kloden.