Mother puts her son a face protective mask outdoors. Coronavirus, illness, infection, quarantine, medical mask, COVID-19.
Mangel på smittevernutstyr i Norge Illustrasjonsfoto: Colourbox

Nordisk beredskapspakt for mat og medisin?

Sjølvberging med medisinsk utstyr og mat er ikkje realistisk i eit land som vårt.

Koronapandemien har lært oss at samfunn er særs sårbare utan sterk beredskap. Forstyrringar i internasjonal handel kan råka både liv, helse og samfunnsøkonomi etter som vi er heilt avhengige av globale handelsvegar for avgjerande ressursar som medisin, mat og innsatsvarer til matproduksjonen.

Ein lærdom av koronapandemien er at ansvaret hamnar på nasjonalstatane. Mange nasjonalstatar – inkludert Noreg – makta ikkje å ta dette ansvaret godt nok. Vi mangla til dømes smittevernutstyr. Derfor må samfunnet ta eit krafttak for å styrka beredskapen. Ei oppgåve i tida som kjem bør vera å undersøke potensialet for å løysa desse utfordringane gjennom nordisk samarbeid.

“Globalt finst det ei rekkje eksempel på at den kommersielle styringa av legemiddelindustrien kjem i motsetning til medisinske behov.”

Globalt finst det ei rekkje eksempel på at den kommersielle styringa av legemiddelindustrien kjem i motsetning til medisinske behov. Det blir for eksempel forska altfor lite på nye antibiotika, fordi kommersielle omsyn overstyrer omsynet til folkehelsa. Koronavirus og antibiotikaresistente bakteriar er andre eksempel på medisinske utfordringar som ikkje kan baserast berre på marknadsmekanismar, men krev løysingar på samfunnsnivå. Det same gjeld epidemi-beredskap innan smittevern og legemiddel.

Dei nordiske nasjonalstatane har satsa på eit offentleg finansiert og vesentleg statleg organisert helsevesen, noe som i all hovudsak har gitt gode resultat. Utvikling og produksjon av legemiddel er eit tydeleg unntak der kommersielle aktørar dominerer. I den nordiske politiske tradisjonen er det nærliggande å bøte på kommersiell tilkortkoming med fellesskapelege og velferdsstatlege løysningar.

I kjølvatnet av koronapandemien er det nødvendig å sjå kritisk og konstruktivt på korleis ein kan organisere legemiddelproduksjonen for betre å svare på samfunnets behov. Ansvaret for dette må ligge hos nasjonale politiske styresmakter. Utvikling av legemiddel fører med seg så store investeringskostnader og så høge krav til fagleg ekspertise – at det kan vera ei god løysing at fleire nasjonalstatar samarbeider om utvikling og lagring av legemiddel i privat/offentleg regi.

Det globaliserte matvaresystemet vil sannsynleg vis oppleva fleire kriser eller sjokk i dei neste tiåra. Når konsekvensane av klimaendringane med tørke, flom og havstigning kjem for fullt, vil eit matsystem basert på lange, globale forsyningskjeder bli hardt ramma. Vi bør spørje oss om den norske landbruksmodellen i ein global kontekst toler strabasane den vil koma ut for.

Den norske sjølvforsyningsgraden på landbasert mat ligg rundt 40 prosent på kaloribasis alt etter avlingsår, men varierer frå 100 prosent på drikkemjølk, via 57 på potet, 49 på grønsaker, og 31 på korn, til ein prosent på sukkervarer og 0 prosent på nøtter. I tillegg kjem fisken, som utgjer berre ein prosent av kaloriforbruket vårt i dag.

Norske husdyr er i dag delvis avhengige av å bli fora med importert kraftfôr som kjem langvegs frå, dette gjeld mjølkekua så vel som grisen, kyllingen og laksen. Vil det da ikkje vera rette tidspunktet å undersøke korleis matsystemet vårt kan bli meir robust til å stå imot kriser og sjokk? Stengte grenser vil utgjere ein betydeleg risiko for samanbrot i produksjonsleddet for mat. Ein bør derfor gå gjennom den regionale forsyningskjeda for kritiske vareslag med tanke på risiko og flaskehalsar.

Norden kunne bli eit integrert og relativt kortreist og regionalt matvaresystem etter sesongprinsippet. Kortare reiseveg fører til mindre transport, mindre emballasje og enklare logistikk. Eit regionalt matsystem vil også bli meir klimavenleg og meir robust for kriser og sjokk mot den frie vareflyten.

Dei nordiske landa kan i stor grad kan utfylle kvarandre når det gjeld produksjon av drivstoff, innsatsvarer, mat og medisin. Danmark har store fortrinn og eksportkapasitet når det gjeld korn, sukker og proteinvarer som erter og bønner. Norge har store fortrinn med omsyn til produksjon av fisk, energi, olje og gass, samt betydeleg finansiell kapasitet. Sverige har sine fortrinn når det gjeld tømmer, korn og andre proteinvarer samt ein betydelig landbruksrelatert maskinindustri.

Sverige er i tillegg langt framme innan medisinsk forsking og medisinindustri. Finland har også ein styrke innan korn og proteinvarer samt ein stor skogs- og maskinindustri, inkludert Nordens einaste traktorfabrikk (Valtra). Er det mogeleg at dei nordiske landa kan gjera avtaler om å gje fortrinn på tilgang til kritiske mat- og fôrråvarer i ein krisesituasjon? Kan tilsvarande avtalar gjerast for smittevernutstyr og medisin?

Sjølvberging med medisinsk utstyr og mat er ikkje realistisk i eit land som vårt. I staden for å tenke at den norske nasjonalstaten åleine skal vera sjølvberga med mat og medisin, kan dette løysast gjennom eit regionalt samarbeid i Norden.

Denne kronikken stod på trykk i Nationen og på nationen.no den 9.10.2020.