Trollet på Karl Johan 1892
… MEN KAN DEI TEMJAST? Eit argt distriktstroll har vist seg på Karl Johan. Det kan komma tilbake før du anar det, skriv forfattarane. ILLUSTRASJON: THEODOR KITTELSEN, «TROLLET PÅ KARL JOHAN»

Bygdetrollet

Dei norske distriktsopprøra har ein historisk tendens til å føre fram.

Som eit troll som vaknar frå ei djup, arkaisk svevn har konfliktdimensjonen sentrum–periferi vorte sakte vekka til live i Noreg dei siste åra. Det er som om vi kan høyre det knaka og spretta i fjell oppe ved Dovre. Det har gått troll i ord, av nettroll og andre troll som skapar ein polarisert debatt mellom sentrum og periferi.

Det er ikkje noko nytt at distrikta gjer seg høyrde, og at nokre i sentrum tykkjer det ikkje heilt passar dei. Den norske periferien har historisk sett vore sterkt til stades i norsk politikk og nasjonsbygging. Vi er eit desentralisert folk her på berget.

Landet var langstrakt og grisgrendt, men «langsomt ble landet vårt eget», slik historikaren Sverre Steen, med ei lånt frase frå Nordal Grieg, har sagt det. Embetsmennene fekk aldri heilt kontrollen her, ressursutnyttinga forblei mykje lokal, og då 1814 kom, og privilegia etter kvart vart oppheva, vaks det fram eit industriborgarskap og ein arbeidarklasse kringom i landet. Dette, saman med den breie eigarskapsstrukturen i jordbruk og fiske, var med på å leggje grunnlaget for ein desentralisert demokratisk kapitalisme, som Francis Sejersted har kalla det.

Gjennom 1800 talet, frå formannskapslovene og bondereisinga til parlamentarismens innføring og ut gjennom 1900-talet, med målreising og arbeidarar og kvinner inn i statsstyringa, gjorde periferien seg gjeldande. Frå veltinga av embetsmannsstaten i 1884, via Bygdefolkets Krisehjelp og kriseforliket i 1935 til dei to folkerøystingane om EEC/EU i 1972 og 1994, har periferien vunne fram. Frå gjenreisinga etter krigen og fram til 1960-talet har det vore ført ein aktiv distriktspolitikk i ein allianse mellom by og land.

Men sidan tidleg 1990-tal har sentrum–periferi-dimensjonen vorte redusert til politisk bakgrunnsstøy. No skulle det satsast på store byar og regionen omkring. Dette med bygder var liksom ikkje så viktig lenger, var det ikkje noe med lokalmat, bygdeturisme og rural idyll?

Etter Berlinmurens fall og oppløysinga av Sovjetunionen skulle historia vera slutt og ideologiane døde, ifølgje Francis Fukuyama. Det liberale demokratiet og markedsøkonomien hadde vunne, og den kreative klassen i storbyane skulle føre an i konkurransen på verdsmarknaden. I same andedrag tenkte visst mange at noko så prosaisk og tørt som distriktspolitikk høyrde fortida til. Statlege og kommunale tiltak vart forkasta. og der ein før hadde institusjonar som Distriktenes utbyggingsfond, fekk ein Innovasjon Norge. Det spesielle ansvaret for distriktspolitikken vart utvatna.

I over tretti år har bygdene under globaliseringa i større og større grad vorte overlatne til seg sjølve i ånda til nyliberalismen. Lenge trudde kanskje mange bygdefolk sjølve på dette, at berre dei vart slepte fri frå offentlege reguleringar, så skulle dei bli fleksible og mobile innbyggjarar av den koselege globale landsbyen. Så viste det seg at globaliseringa ikkje var for alle.  Dei rotfaste med røter i primærnæringar eller tradisjonelle industrisamfunn i periferien vart taparar, mens dei øvre mellomlaga i byane med føter til å flytte seg rundt mellom attraktive jobbar i nye næringar vart vinnarar.

Dei siste ti åra har vi sett at folk i bygder og småbyar meir og meir opplever at dei ikkje får henga med på det som dei styrande kallar framsteg og modernisering. Departementet som har ansvar for distrikt og kommunar, har vorte til Kommunal- og moderniseringsdepartementet, og reformer og modernisering har det vorte: både kommune- og fylkessamanslåing, med og utan tvang. Andre departement og etatar har lagt ned sjukehus og studiestadar, post- og lensmannskontor. Kommunar har lagt ned grendeskolar i hopetal. Kva skal folket i bygder og småbyar få i staden for det dei misser i kjølvatnet av reformorkanen?

Bortsett frå den differensierte arbeidsgjevaravgifta ser distriktspolitikken i dag ut til å bestå i lite meir enn å byggja intercityjarnvegar og firefelts motorvegar mellom dei store byane. Med så effektive vegar blir det endå lettare å argumenta for sentralisering: Det går jo så fort å reisa til næraste storby likevel. Kvifor bruke skattepengar på å halde oppe servicetilbod, skular og arbeidsplassar i distrikta?

Moderniseringa har vist seg som ei kolonisering av bygdene sine ressursar frå både global og nasjonal kapital. Det har føregått ei ny industrialisering av distrikta med oppdrett og vindkraft som eksempel. På liknande vis har rovdyrpolitikken av bygdefolk vorte opplevd som ei ideologisk kolonisering frå sentrum, der næringsgrunnlag og livskvalitet blir teke frå folk.

«Tiltak: Grunnrente- fond til fordeling»

Det er av desse grunnane vi no ser eit distriktsopprør. Kvinnene formar bunadsgerilja imot nedlegging av fødetilbod, og Senterpartiet flyg høgt på målingane med sin motstand imot kommunesamanslåing og sentralisering. På Haramsøya og på Frøya går folk til sivil ulydnad og let seg arrestera når dei demonstrerer mot utbygging av vindmøller. Motstandarar av rovdyrpolitikken går i fakkeltog framfor Stortinget, men blir ikkje høyrde, i motsetning til urbane miljøaktivistar som går i liknande tog imot pelsdyrhald.

Det har vore fire sosiale opprør i Norge dei siste 100 åra med same politiske styrke som dagens distriktsopprør: Opprøret mot gjeldskrisa på 1930-talet, Hitra-aksjonen mot landbrukspolitikken i 1975 og dei to avrøystingane om EEC/EU i 1972 og 1994. I motsetning til liknande sosiale opprør i mange andre land førte dei norske opprøra fram. Opprøret mot gjeldskrisa førte til eit kriseforlik mellom Arbeiderpartiet og Bondepartiet og danninga av regjeringa Nygaardsvold i 1935. Hitra-aksjonen bidrog til vedtaket om opptrappinga av bøndenes inntekter til industriarbeidarnivå i 1975. I dei to EU-avrøystingane vann folket fram imot elitane.

Dagens distriktsopprør må møtast med kraftfulle verkemiddel til beste for distrikta. I boka «Distriktsopprør. Periferien på nytt i sentrum» har vi foreslått eit slikt tiltak: Grunnrentefond til fordeling. Tanken er at overskotet av utnyttinga av alle naturressursar, det vera seg vasskraft, vindkraft eller havbruk skal gå inn i eit grunnrentefond. Kapitalen i dette Distriktenes grunnrentefond skal gå til næringsutvikling og tredelast mellom vertskapskommunane, distriktskommunar som ikkje har vesentlege ressursinntekter og staten. Men eit slikt fond må følgast av aktive distrikstpolitiske føringar.

Eit argt distriktstroll har vist seg på Karl Johan. Det kan ikkje temjast, og blir det ikkje høyrt av tingets kvinner og menn, kan det koma att, saman med mange i gul vestar.

Kronikken stod på trykk i Klassekampen 25.11.2020.