Norsk laksefarm i Trondheimsfjorden
Norsk laksefarm i Trondheimsfjorden Foto: Colourbox

Distriktenes Grunnrentefond bør etableres på Gjøvik

Hovudkontoret til Distriktenes Grunnrentefond burde ligge på Gjøvik, der Johan Castberg budde og praktiserte som advokat. På den måten kan tankane til Castberg koma tilbake til hans eigne, skriver forskerne Reidar Almås og Eirik Magnus Fuglestad.

Da finansminister Trygve Slagsvold Vedum og statsminister Jonas Gahr Støre lanserte grunnrenteskatt på havbruk og vindkraft i slutten av september 2022, viste dei til ein norsk tradisjon for deling av verdiane frå felles naturressursar. Denne tradisjonen har sitt opphav i Oppland. I tida etter at Noreg vart sjølvstendig i 1905, var fordelinga av grunnrente frå naturressursane ei av dei store konfliktsakene. Striden stod om kven som skulle få inntektene frå fossekrafta, den store nyvinninga i samtida.

Johan Castberg, som var stortingsrepresentant frå Oppland for Arbeiderdemokratane frå 1901 til 1909 og seinare frå 1913 til 1921 og frå 1924 til 1926, er rekna for å vera den som fremja tanken om skatt på grunnrente i norsk politikk. Som statsråd i regjeringa til Gunnar Knudsen frå Venstre da konsesjonslovene vart innført fram mot 1917, er Castberg rekna som «far» for desse lovene. Både heimfallsrett og omfordeling av grunnrente frå fossekraft vart knesett som prinsipp og seinare ført vidare for olje og gass på 1970-talet. Med vedtaket i Stortinget 31. mai i år, er debatten om skatt på grunnrente frå havbruk inne på fast grunn. Og i den nye distriktsmeldinga frå statsråd Gjelsvik, blir det slått fast at det vil koma ein skatt på grunnrenta i vindkraft frå 2024.

Det kan derfor vera på sin plass å gå igjennom prinsippa i den politisk-økonomiske teorien om grunnrente. Kva er så denne grunnrenta? Det er David Ricardo (1772-1823) som er rekna for å vera opphavsmann for grunnrenteteorien. Utgangspunktet for Ricardo var å forstå korleis verdiane frå jorda vart fordelt på dei tre klassane i det britiske jordbrukssamfunnet: Jordrente til jordeigaren, avkasting på kapitalen til kapitalisten som eigde maskiner og utstyr og lønn til landarbeidaren. For Ricardo kom grunnrenta frå jorda, slik den låg, uavhengig av menneskeleg aktivitet. Det var den amerikanske samfunnsøkonomen Henry George (1839-1897) som populariserte ideen om skatt på rente som skriv seg frå naturressursar. I Noreg var det særleg jærbuen Arne Garborg (1851-1924) som vart talsmann for georgismen.

Dersom etterspurnaden i ein marknad etter korn, vasskraft, olje eller laks er større enn produksjonen under dei beste vilkåra for slik produksjon, vil prisen på desse varene måtte tilsvara produksjonskostnadene under dei dårlegaste vilkåra. Dette fører til at dei som har betre produksjonsvilkår oppnår ein meirprofitt ut over vanleg avkasting av kapitalen. Det er denne meirprofitten i vasskraft-, vindkraft- og havbruksnæringa som gir grunnrente. Når arbeidskraft og kapital har avkastinga si: lønn og profitt, vil det på toppen av dette vera ein ekstra superprofitt. Dette ekstra overskotet oppstår ved bruken av ein avgrensa naturressurs, ein produksjonsfaktor som det ikkje kan lagast meir av. Denne ressursen kan i tillegg vera underlagt regulering. Dermed kan ein også snakke om ei reguleringsrente, som kan og bør skattleggjast til fordel for fellesskapet..

I boka Distriktsopprøret, har min kollega Eirik Magnus Fuglestad og eg foreslått at avgiftene som kjem inn på grunnrente vart delt mellom kommunen der ressursane ligg, staten og dei kommunane i distrikta som ikkje har tilgang til rike naturressursar. Det har vore innvendt imot dei til dels store inntektene til kommunar med utbygd vasskraft at det skaper urettferdighet imellom kommunane.

For å kompensere for dette, men også for å bidra til eit nytt verkemiddel i distriktspolitikken, kan det opprettast eit grunnrentefond til fordeling. Midlane kunne forvaltast av ei ny institusjon: Distriktenes Grunnrentefond. For å koma raskt i gang og for å styrke institusjonen, kunne dette fondet tilførast oppgåver og verkemiddel frå Innovasjon Norge. Hovudkontoret til Distriktenes Grunnrentefond burde ligge på Gjøvik, der Johan Castberg budde og praktiserte som advokat. På den måten kan tankane til Castberg koma tilbake til hans eigne.

Den nye grunnrenteskatten på havbruk må seiast å vera ein av dei store sigrane til dagens Ap/Sp-regjering. At finansministeren greidde å snu sitt eige parti og stå imot kystopprøret av ordførarar imot grunnrenteskatten, som i stor grad var orkestrert og finansiert av oppdrettsnæringa, tener han til ære. Dermed er ein norsk tradisjon for å skattlegge ekstraprofitten ut over vederlag til arbeid og kapital i næringar som utnyttar fellesskapet sine ressursar ført vidare.

Trygve Slagsvold Vedum må seiast å vera ein moderne arbeidardemokrat i tradisjonen etter Johan Castberg. Arbeidardemokratane, seinare Radikalt Folkeparti, sto sterkt i Slagsvold Vedums heimfylke Innlandet. Som statsråd i Gunnar Knudsens regjeringar, vart han etter langvarig ideologisk og politisk kamp rekna som far både for konsesjonslovene og barnelovene. Foreldreskapet til lova om skatt på grunnrente frå havbruk kan Trygve Slagsvold Vedum måtte dele med professor Karen Helene Ulltveit-Moe, den tidlegare leiaren for Havbruksskatteutvalet.