Kronikk: Kapitalens stumme tvang over jordbruket
Skrevet av
Publisert: 16 oktober 2024
Oppdatert: 16 oktober 2024
Fagområder
Del artikkel:
Det er mange som har makt i jordbruket i dag, men minst makt har kanskje bonden sjølv?
Dette er et debattinnlegg, skrevet av Eirik Magnus Fuglestad. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Karl Marx kan hjelpa oss avdekka nokre av dei økonomiske maktforholda i jordbruket. Der økonomi i stor grad handlar om å gjera sosiale forhold til abstrakte, kvantifiserbare einingar, gjer den Marxistiske sosiologien det motsette.
Den forsøker å skrapa fram dei sosiale maktforholda som gøymer seg bak dei økonomiske kategoriane. Med eit slik blikk på mat og makt i jordbruket trer det som Karl Marx kalla for kapitalen si stumme tvang fram.
Stum tvang byrjar med at jordbruket – denne i utgangspunktet sirkulære, lokale og sjølvgåande prosessen – i dag må drivast med tunge innslag av fossil energi, og med ressursar frå andre sida av verda.
Når bonden brukar kraftfôr som gjer at kyrne mjølkar meir, kunstgjødsel om gjer at graset vekst fortare, og robotar som mjølkar kyrne, då skapast det relasjonar som (stumt) tvingar både dyra, naturen og bonden inn i avhengigheit.
Dette har endra seg over tid. Frå 1950-talet av skjedde det ei endring der marknad og vekst vart både mål og middel. Inntektene skulle no koma til bøndene gjennom intensiv og auka produksjon, ved hjelp av nye teknologiar og såkalla rasjonalisering.
er ikkje bondeopprørarane sine rop om ærlege tal nettopp eit rop mot den stumme tvangen som ligg staten sine økonomiske kalkylar?
Eirik Magnus FuglestadInternasjonalt er dette kjent som den grøne revolusjonen, der bøndene fekk større avlingar ved mekanisering, ved bruk av kunstgjødsel, kraftfôr, kjemiske sprøytemiddel. Det vart meir mekanikk, mindre biologi og færre gardsbruk.
Desse innsatsfaktorane var og er representantar for kapitalen. Kapital kan sjåast på som eit mangfald av sosiale relasjonar mellom menneske, natur og ting. Den danske filosofen Søren Mau har forklart dette med at kapitalen skriv seg inn den sosiale reproduksjonen si materielle verkelegheit.
Sagt annleis; Kapital endrar og delvis erstattar dei naturlege relasjonane til kapitalrelasjonar som styrast av kapitalen sin logikk – ikkje av naturen eller bonden.
Det stod eit døme på dette i Nationen for nokre veker sidan. Bonden Marianne Lunåsmo seier der:
«For noen dager siden fikk jeg, i likhet med mange andre sauebønder en sms der vi ble oppfordret til å levere lammene ganske snart, for da var prisen best. Jeg vil jo gjerne inntekts-optimalisere drifta og få mest mulig for lamma mine. Men jeg må også forholde meg til hvor jeg bor, når våren kommer, når jordene grønnes og når utmarksbeitet er klart»
Her fører kapitalens stumme tvang bonden si drift bort frå dei biologiske syklusane, og den gjer at bonden må legga opp drifta og økonomien på ein bestemt måte og med bestemte (innkjøpte) middel for å få best mulig pris for produkta.
Anne-Mari Samskott eksemplifiserer dette vidare: «Nortura lagar «prisløypa». Prisløypa straffar oss som lar lamma gå i fjellet og nyttiggjere seg naturen sine ressursar. Felleskjøpet ber meg sette inn dyr og fôre dei med kraftfôr i beste beitetid»
Ved at eksterne innsatsfaktorar blir innførte, og ved å selja varene i marknaden, blir kapital etablert som ein relasjon på garden. Det er i denne relasjonen den stumme tvangen ligg.
Maten, jorda og arbeidt må vera målet – ikkje at dyra og jorda og bonden skal vera innsatsfaktorar for dei som vil ha evig, veksande profitt
Når maten blir til ei «vare» i ein marknad, blir dei konkrete bruksverdiane som mjølka, kjøtet, potetene og kornet har, redusert til tom byteverdi. Mjølka har ikkje lenger verdi som eit bruksprodukt, men som «vare» i forhold til andre varer.
Då får relasjonane i marknaden makt over kor mykje som skal produserast og kva prisen blir. Nettopp gjennom integrasjon i den frie marknaden, er det at bonden blir underlagt kapitalen sin stumme tvang.
Eg trur at mange av dei som har møtt opp på folkemøte i kjølvatnet av bondeopprøret, har kjent på den stumme tvangen. For er ikkje bondeopprørarane sine rop om ærlege tal nettopp eit rop mot den stumme tvangen som ligg staten sine økonomiske kalkylar?
Og er ikkje alle diskusjonane om eigenkapital og normeringsgrad eit uttrykk for at bøndene kjenner seg fanga i produksjons og mønster for investering som stille og umerkeleg har tvinga dei inn i ein spiral ingen eigentleg ønskte å vera i?
Det er også bønder som søker å gjera seg mindre avhengige av kapital. Dei sel direkte i rekoringar, tek ikkje opp store lån, men minskar produksjonen for å driva garden på eigne premiss. Dei tek garden tilbake som stadbunden, biologisk produksjonseining.
Dette er reaksjonar på at bøndene har enda opp med å få ei ofte dårleg betalt mellomrolle i eit matsystem som er dominert av dei som produserer innsatsfaktorar på den eine sida, og av dei som distribuerer og sel varene på den andre sida.
Det handlar om å driva jordbruk på bøndenes, naturens og dei som skal eta maten sine premiss
Dersom me skal fri maten frå kapitalen si stumme tvang må me tetta det som Marx kalla «kløfta i jordbrukets stoffskifte» med naturen. Det handlar om å kopla produksjon og energikretsløp saman att slik at det som veks, kan veksa på sine eigne premiss. Det handlar om å driva jordbruk på bøndenes, naturens og dei som skal eta maten sine premiss.
Maten, jorda og arbeidt må vera målet – ikkje at dyra og jorda og bonden skal vera innsatsfaktorar for dei som vil ha evig, veksande profitt.
Denne teksten er ei korta og omarbeida versjon av føredrag haldt på Jordbruksseminaret til Ruralis 23 september.
Skrevet av
Publisert: 16 oktober 2024
Oppdatert: 16 oktober 2024