Silobrett
Eit breitt stortingsfleirtal har stilt seg bak at meir norsk mat skal produserast på heimavla ressursar, men prisauken på kraftfôr vil bli velte over på matprisane, tollvernet for kjøtt og mjølk vil lekke verre enn noen gong, importen vil auke og sjølvberginga går ned, skriv Reidar Almås og Erika Palmer ved Ruralis, Institutt for rural- og regionalforsking. Bildet viser innmating av grasfôr til tårnsilo for nokre år sidan. Foto: Odd Roger K. Langørgen

Mot brot i jordbruksoppgjeret 2018

Vårens jordbruksoppgjer blir det mest spennande på lenge. Vanskelege saker ligg på bordet: Prisane på mjølkekvote går til himmels, klimatilpassing krev nye grep og finansminister Jensen har sagt at Regjeringa skal legge band på pengebruken.

Men det er ikkje valår. Det lovar ikkje godt. Våre analyser viser meir enn 50 prosent sjanse for brot mellom partane i år. Mye ligg i potten: Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) skal bevise at han er like styringsdyktig som han er snakkesalig, og Knut Arild Hareide (KrF) skal bekrefte rolla som kongemakar på vippen.

Kvifor er det større sjanse for brot i jordbruksoppgjeret enn det har vore på lenge?

Eit av dei store slaga om jordbrukspolitikken, i år og i åra som kjem, er prisen på kraftfôr. Grovt sett vil husdyrprodusentane, og særleg dei som driv produksjonar der dyra berre kan ta til seg kraftfôr som svin og fjørfe, tape mest på høgare kraftfôrpris. Andre husdyrbrukarar, som dei som driv med storfe og sau, vil og merke høgare kraftfôrpris. Dei som tener på høgare pris på kraftfôret er kornprodusentane, som leverer innsatsvarer som bygg, havre og fôrkveite til mølleindustrien.

Grovt sett vil bøndene på Austlandet tene på høg kraftfôrpris, mens bøndene vestpå i dal- og fjellbygder og nordpå vil tape. Slik har det vore med denne terrorbalansen i jordbrukspolitikkens tidlege morgon for meir enn hundre år sidan.

Reidar Almås Foto: Ruralis

Norsk mat og heimavla ressursar

Fleire, som privatpraktiserande landbrukspolitikar Per Olaf Lundteigen i Sp og Alliansen ny landbrukspolitikk, hevdar at kratfôrprisen må betydeleg opp for å tvinge norske bønder til å hauste meir grovfôr. Den same linja skreiv statsråd Dale inn i statens tilbod i fjorårets oppgjer, som enda med brot.

Eit breitt stortingsfleirtal har stilt seg bak at meir norsk mat skal produserast på heimavla ressursar. På papiret er dette logisk: Prisen på innkjøpt fôr går opp og heimavla grovfôr blir relativt billegare.

I praksis vil fleire utilsikta mekanismar likevel hindre at ein større del av fôret vil koma frå norske ressursar. I dei fleste områda er den beste jorda og jord i god hevd alt utnytta. Det som vil skje ved det såkalla kraftfôrprisgrepet, er at bøndene vil kappspringe etter den beste jorda og prisen på sal og leige av jord går opp.

Dersom kraftfôrprisgrepet skal verke, må prisen mye opp. Kva skjer da? Prisauken på kraftfôr vil bli velte over på matprisane, tollvernet for kjøtt og mjølk vil lekke verre enn noen gong, importen vil auke og sjølvberginga går ned.

Auka kraftfôrpris vil bli kapitalisert hos dei jordeigarane som ikkje lever av jordbruk og forbrukarane vil bli sure fordi norske produkt i butikk blir vesentleg dyrare.

Erika Palmer Foto: Morten Stene

Kjøp og sal av mjølkekvotar

Ein annan stein i skoen er overproduksjonen på alle kjøttslag så nær som storfekjøtt.

Mjølkeproduksjonen stangar også i taket, særleg etter som eksportsubsidiane på kvite ostar, som Jarlsberg, skal fasast ut innan 2019.

Dagens regjering har vore flittig med å tømme verktøykassa for verkemiddel i jordbrukspolitikken og dei har vore uvillige til å fylle på med nye. Berre stortingsfleirtalet har bremsa liberaliseringa, da fleirtalet med KrF og Venstre i førre periode ikkje gjekk med på å ta frå landbrukssamvirka marknadsreguleringa. Ved sida av mjølkekvotar og konsesjonsgrenser for dyr er det no stort sett berre omsetningsavgifta med innfrysing på lager som er att av politiske reguleringsgrep av produksjonen. Som Bondelaget nettopp har uttalt, «det er særlig behov for nye produksjonsregulerende tiltak».

Ordninga med kvotar for å få levere mjølk gir også grunn til hovudpine etter at systemet med kjøp og sal av mjølkekvotar har ført til prisar i 15-kronersklassen per kilo for å kjøpe ein kvote for å få lov til å levere mjølk til eit meieri.

Ein siste snublestein for jordbruksoppgjeret kom nyleg da Budsjettnemnda for jordbruket (BFJ) la fram grunnlagstala for oppgjeret, som viser ein samla nedgang i inntektene frå arbeid og eigenkapital på 14.500 kroner per årsverk frå 2016 til 2018. Dette kjem nok som litt av eit sjokk på partane før bøndenes krav etter framdriftsplanen skal koma 26. april. Oppgjeret i fjor enda i brot, men Stortinget la vel 200 millioner kroner meir på bordet enn Regjeringa ville gje, slik at inntektene skulle auke med omlag 16.000 kroner per årsverk over to år. Slik gjekk det altså ikkje.

Høgre treng ro i landbruksfylka

Partiet Høgre, som no ligg med broten rygg i landbruksfylka Hedmark og Oppland, kan truleg også koma på bana i dei interne diskusjonane i Regjeringa.

Høgre treng saker som kan skape ro i Innlandet etter å ha mista leiande politiske profilar derifrå og etter opprivande diskusjonar om rovdyr og pelsdyr. Som i dei fleste norske parti er det også i Høgre eit skisma mellom urbane elitistar med «føtter» og ruralistar med «røtter». Det Distrikts-Høgre treng minst av alt no, er bråk om jordbruksoppgjeret etter bedrøvelege tal frå Budsjettnemnda.

Kanskje er det statsminister Solbergs tur til å rekkje bøndene ei hjelpande hand i år, for å skape ro i eigne rekkjer og samle støtte på bygdene?

I Ruralis har vi utvikla ein modell for å berekne sjansen for brot på jordbruksforhandlingane på grunnlag av historiske data som prisar, marknadsbalanse, overføringar, statsfinansar og politiske konstellasjonar i storting og regjering. Ein analyse ved hjelp av denne modellen viser at partane styrer mot brot i jordbruksoppgjeret 2018. Faktisk er det per dags dato meir enn 50 prosent sjanse for brot. Da kan statens første tilbod bli sendt vidare til Stortinget og Knut Arild Hareide får ein ny sjanse til å vise seg som statsmann.

Jokeren Hareide

Kanskje har Hareide bruka opp statsmannsflaksen sin i sakene om Sylvi Listhaug og Olemic Thommessen.

For sjølv om KrF skulle ønske å plusse på noen hundre millionar til bøndene, så unngår dei ikkje å svekke forhandlingsinstitusjonen ved eit slikt grep.

Dei som har jordbrukspolitisk minne, vil hugse at det er nettopp det to av regjeringspartia opprinneleg har ønskt seg: at overføringane til jordbruket blir avgjort som vanlege saker i statsbudsjettet, utan forhandlingar med brysame jordbruksorganisasjonar. Noe av det siste statsråd Dale tenker på før han legg fram statens tilbod først i mai, vil nok vera kor smertregrensa går, ikkje for bøndene, men for Knut Arild Hareide.

Denne kronikken stod på trykk i Aftenposten og på aftenposten.no den 18.04.2018.