Alex og Eirik
Forskarar: Alexander Zahl-Thanem (t.v.) og Eirik Magnus Fuglestad ved Ruralis, er to av forskarane bak «Trender i norsk landbruk 2018». Foto: Odd Roger K. Langørgen / Ruralis

Fleire bønder seier økonomien har gått i feil retning

Heilt sidan 2002 har fleire og fleire norske bønder sagt at det økonomiske resultatet frå gardsdrifta har gått i positiv retning. For første gong har trenden snudd.

I den siste utgåva av «Trender i norsk landbruk» frå Ruralis, kjem det fram at ei udelt positiv utvikling har fått seg ein knekk.

– Vurderingane av den økonomiske utviklinga ser ut til å ha fått eit knekkpunkt i 2016. Vi ser at den «positive» vurderinga av den økonomiske utviklinga har gått noko ned i perioden 2016-18, og den stabile tendensen til at stadig færre oppgir at økonomien har gått i negativ retning, faktisk har snudd, skriv forskarane i rapporten.

Frå 2016 til 2018 har delen bønder som meiner det økonomiske resultatet har endra seg negativt dei siste fem åra, gått frå 26 til 30 prosent.

Gladnyheit?

Den første utgåva av «Trender i norsk landbruk» kom ut i 2002. På tidspunktet sa heile 68 prosent av bøndene at det økonomiske resultatet hadde endra seg i negativ retning dei siste fem åra. Forskjellen til både 2016 og 2018 er massiv.

– Delen som rapporterer at økonomien har gått i positiv retning har auka veldig frå 2002 og fram til i dag. Det verkar tilsynelatande å vere ei gladnyheit, seier Ruralis-forskar Alexander Zahl-Thanem, som står bak 2018-rapporten saman med Eirik Magnus Fuglestad og Jostein Vik.

Sjølv om tala er gode, seier forskaren at det ligg mykje bak dei gode tala.

– Vi veit at det er store strukturendringar, med færre små bruk og mange store bruk. Ei delforklaring her er at økonomisk dårleg stilte gardar har slutta, samstundes som økonomien har blitt noko betre, seier Zahl-Thanem til Nationen.

Forskarkollega Fuglestad seier at norske gardsbruk er blitt lagt ned fortløpande i seinare år.

– Dei som blir igjen er ofte dei som går best. Den tredjedelen av bøndene som det går dårlegare med, er ofte på veg ut, seier Fuglestad.

Les hele saken på Nationen.no