COLOURBOX23112622
Å jobbe med forebygging og behandling overfor bønder vil kreve metoder tilpasset bøndenes livs- og arbeidssituasjon i større grad enn det som gjøres i dag. Foto: Colourbox

Forskar på rus i fjøset

– Bøndene har så mykje å gjere at nokre tyr til rusmiddel for å halde seg gåande, seier Aina Winsvold. No vil Ruralis-forskaren koma i kontakt med bønder som slit. Målet er å betra hjelpetilbodet.

Av Siv H. Undheim, med tillatelse fra Bondevennen.

– Bønder går under radaren når det gjeld rus og avhengigheit, seier Aina Winsvold, forskar ved Ruralis og leiar av prosjektet Rus og avhengigproblematikk i landbruket.

Kor mange bønder som drikk, brukar pillar eller på annan måte slit med avhengigheit, er ukjent, seier ho.

– Nei, det er det ingen som veit, for det har ikkje blitt undersøkt før. Me skal prøve å få eit bilete av omfanget. Delen er nok ikkje mindre enn i befolkninga generelt. Kanskje heller tvert imot.

Forskaren trur også det er ein del som bagatelliserer eller fornektar at dei har eit problem.

– Det er vanskeleg å fange opp bønder som slit og å gje dei god nok hjelp, men eg har fått mange tilbakemeldingar frå ulike hald om at det er behov for eit tilbod for bønder, seier Winsvold.

Til dømes har Akan (Arbeidslivets kompetansesenter for rus- og avhengighetsproblematikk) erfart at dei ikkje når ut til bønder. Akan kontakta difor Nasjonalt fagkompetansesenter for landbrukshelse i Trondheim, og samarbeidsprosjektet som Winsvold no leier, er resultatet.

– Bønder flest har ikkje arbeidsgjevar eller kollegaer som kan fange opp om det luktar alkohol av dei, eller om dei endrar åtferd. Akan såg at dei trengde eit opplegg som var meir tilpassa bonden sitt liv og arbeidssituasjon. Hensikta med prosjektet er å få betre tilbod til dei som slit, seier Winsvold.

Spørsmål i KSL

For å skaffe oversikt sende Winsvold og kollegaene hennar ut spørjeskjema til bønder i ulike delar av landet i månadsskiftet januar/februar. Spørsmål om rus og avhengigheit er også tatt inn i KSL’en.
Seinare skal Winsvold intervjua bønder som har erfaringar med rus eller annan avhengigheit. Også rådgjevarar og folk på landbrukskontor, samt personar som arbeider med behandling av rus og avhengigheit, skal intervjuast.
Forskaren oppmuntrar bønder som slit med rus eller som har erfaringar med avhengigheit, til å ta kontakt med henne for å fortelje om sine opplevingar. Også pårørande kan ta kontakt. Dei som gjer det er sikra anonymitet, Winsvold og forskarkollegaene har teieplikt.

Bønder flest har ikkje arbeidsgjevar eller kollegaer som kan fange opp om det luktar alkohol av dei. Aina Winsvold

Bonden sin situasjon særeigen

Sjølv om ein ikkje veit kor mange bønder som slit, kan Winsvold lista opp fleire grunnar til at bønder er utsette for å få problem med rus eller avhengigheit.

– I landbruket er det stort press og høge krav til effektivitet. Somme tyr til rusmiddel for å halde seg gåande. Bønder har òg mange andre påkjenningar, som økonomiske bekymringar og hyppige endringar i politiske føringar og stadig nye krav om dokumentasjon. I tillegg har dei kanskje gjort store investeringar, seier Winsvold.

Ho mistenkjer at mange bønder kvir seg for å søke hjelp, fordi det kan ha store konsekvensar dersom det blir kjent at ein rusar seg. Somme kan vere redde for å miste sertifikatet eller våpenlisens, eller for at ein risikerer å få fleire tilsyn, trur ho.
Einsemd er også ein risikofaktor, meiner Winsvold, og viser til unge bønder som har studert vekke og som flyttar heim for å overta garden og mister nettverket dei hadde. Eller etablerte bønder som opplever at det blir færre og færre naboar å ta ein kaffi med. Då kan rus eller anna avhengigheit bli ei slags trøyst.
I tillegg kjem risikoen som følgjer av å stå i eit praktisk yrke.

– Tungt fysisk arbeid gjer at det nok er ein del bønder som er avhengige av sterke smertestillande medisinar for å fungere i kvardagen, påpeiker Winsvold.

– Eller totalbelastninga gjer at ein bruker sovemedisin for å roe seg på kvelden. Det kan òg gå over i avhengigheit.

Når er det eit problem?

Forskaren og samarbeidspartnarane definerer at bruken av rusmidlar er problematisk når den går utover oppgåver i familien eller på garden, når den påverkar relasjonar negativt, og når det får helsemessige konsekvensar.

– Ein må vere på vakt om ein sjølv begynner å kjenne at ein ikkje har heilt kontroll. Eller om andre i nærleiken reagerer negativt på det som skjer, seier Winsvold.

Ho understrekar at det kan vere store individuelle forskjellar på korleis ein ser på dette.
Dessutan er det ikkje berre rusmiddel og medikament som skapar problem. I tillegg til alkohol, narkotika og legemiddel kan ein også bli avhengig av penge-, eller dataspel.

Kven kan hjelpe?

Det er ei stor påkjenning å vere pårørande til nokon som slit med avhengigheit. Og for naboar eller venner som bekymrar seg for ein bonde, kan det vere vanskeleg å vite kva ein skal gjere. Så kva gjer du, om du sjølv har problem, eller dersom du som pårørande mistenker at bonden slit med misbruk?

– Kontakt Blå Kors eller Akan, oppfordrar Winsvold.

– Blå Kors og Akan kan mykje om dette og har lang erfaring på feltet. Der kan du få råd om korleis du bør gå fram og kven du kan kontakte dersom du har behov for meir hjelp. Dei har teieplikt og du er anonym.

Fakta om prosjektet

Forskingsprosjektet Rus og avhengigproblematikk i landbruket er eit samarbeid mellom Ruralis, Nasjonalt fagkompetansesenter for landbrukshelse, Akan kompetansesenter, Blå Kors, Norges Bondelag og Norsk landbruksrådgiving.

  • Går over tre år, 2021-2024.
  • Finansiert av DAM-stiftinga.
  • Prosjektleiar: Aina Winsvold:
    aina.winsvold@ruralis.no
    Telefon: 97 48 09 07

Avhengigheit i Noreg

  • 200 000-300 000 er avhengige av alkohol
  • 15 000-30 000 er avhengige av illegale rusmidlar
  • 20 000-40 000 er avhengige av reseptbelagte legemidlar
  • 20 000-40 000 er speleavhengige

Kjelde: Store medisinske leksikon

Treng du nokon å snakke med?

Blå Kors: Tel: 22 03 27 40, post@blakors.no eller sjå heimesida blakors.no for chat eller meir informasjon om deira tilbod.

Akan: Tel: 22 40 28 00, akan@akan.no eller sjå heimesida akan.no for chat eller meir informasjon.