Kva bør skje i Bygde-Norge?
Skrevet av
Publisert: 05 mars 2023
Oppdatert: 04 april 2023
Fagområder
Del artikkel:
- Etternavnene våre viser hvordan Norge ble bygd. Det er i Bygde-Norge mulighetene ligger, skriver Reidar Almås i en kronikk i Adresseavisen.
Mange bygder i Norge har behov for vekst og fornyelse. Før ein hiver seg hovudstups ut i ein vekstprosess, som vil forandre både bygd og bygdefolk for alltid, kan det vera nyttig å sjå seg i bakspegelen. Eg har sett mye god utvikling i norske bygder dei siste 30-40 åra. Det har også vore noen dyrekjøpte mistak.
Det har vorte bygd flotte kufjøs med lausdrift og robotar. Havbruksnæringa har gått frå fiskarbonden som snikra merda sjølv til ein global eksportindustri som har tent så mye pengar at dei vil bestemme skatten sin sjølv. Nesten kvar bygd har fått sine spesialitetar av lokalmat og merkenamn som Den Gyldne Omvei og Rørosmat er kjent over det ganske land. Bruer og tunellar har knytta bygder og byar saman og spreidd vekst, velstand og trivsel.
Men gjekk det alltid slik det vart tenkt eller planlagt? Vart det slik vindkraftutbyggarane framstilt det og bygdefolket håpa på i Åfjord og på Frøya? Vart det gjort uboteleg skade mot folk og ressursar som ikkje let seg rette opp? Kvar på vegen kunne noen med makt og mynde ha satt ein fot i bakken og sagt at no må vi snu. Når det no er store planer om å bygge ut meir vindkraft både på land og til havs, må vi tenke oss godt om. Etter som det trengst mye meir kraft og areal til linjer og fabrikkar som skal produsere batteri, hydrogen og metall, vil mange på bygdene få høyre og sjå utviklinga nær seg.
Storslåtte planer for eit grønt skifte har opna nye vindauge for vekst i Bygde-Norge. Det er her du finn dei fleste ressursane som trengst. Her blir vasskrafta produsert. I fjella her vil du finne kopar og sjeldne metall, under bakken eller utanfor kysten. Her finn du arbeidskraft som kan løfte tungt, har erfaring med å skitne til arbeidskleda og fingrane sine og til tider bu i brakke og arbeide langt borte frå heimen. Her finn du også dei som kan føre alle dei tunge maskinene som trengst og dei som må dra rundt med servicebil og rette opp feil i dei nye teknologiane. Og som om det ikkje er nok, må alle desse ha mat og omsorg, ektefeller og mødre, helsehjelp og undervisning. Alt dette vil skape vekst og auke i folketalet i mange bygder.
Det er på bygdene du må leite etter dei fleste fagfolka til dei nye grøne næringane. Da er det på tide, slik statsråd Ola Borten Moe nettopp har gjort, å prioritere fagskolane med ein ekstra skjerv. Men enn så lenge ligg dei fleste fagskolane i byar. Utdanninga må ut til folket i distrikta, først da vil dei nye grøne næringane kunne rekruttere godt i nærmiljøa sine.
Rindal og Holtålen har vorte med på ein avtale med Kommunal- og distriktsdepartementet om bygdevekst. Båe desse kommunane har lang erfaring med å drive bygdeutvikling under diverse paraplyar. Dei to kommunane bør no sjå seg i baksepegelen og spørje seg kva dei fekk til før, kva virka ikkje, og så tenke djervt og nytt om framtida. På eit møte med dei to kommunane har eg mellom anna foreslått for dei å produsere småbruk
Småbruk er så etterspurde i dag, at når slike eigedomar kjem på sal, så er det ein liten hær av unge folk som møter på visning. Kva er dei ute etter, i tillegg til ein romsleg heim? Inntrykket mitt er at dei først og fremst vil ha god plass rundt seg. Dernest er det mange som leitar etter ein heim der dei kan pusse opp og utfalde seg i naturen. Mange har bulyst der dei kan omforme naturen, bygge seg hus og heim, dyrke litt jord, skape hagar og vakre små kulturlandskap. Fleire er ute etter tumleplass for mindre dyr som kanin, hund og høner eller større dyr som hest. Mange har behov for halde på med noko meiningsfylt etter arbeidstid eller etter avslutta yrkesliv. Eit småbruk gjev rom for å utfalde seg med ein hobby eller vedlikehalde eit kulturlandskap.
Busettinga av Norge dei siste hundreåra vart til gjennom deling av eigedomar, eller eigedomsutvikling med eit moderne ord. Til og med i regjeringsapparatet er det ikkje berre stolte ættegardsnamn som Støre, Slagsvold, Vedum, Mehl, Bartnes, Bjelland, Syrstad, Vangen, Laugsand, Eide, Moe og Borten, men namn på rydnings- og husmannsbruk som Nygård, Trettebergstuen, Brenna, Aanerud, Aunan, Haugsbakken, Bjørnflaten, Endrerud, Narud, Porsanger, Sætran, Aasen og Krat Bjørkholt. Etternamna våre viser korleis Norge vart bygd. Slik vart Norge rydda og slik kan vi utvikle landet gjennom eigedomsdeling på bygda.
I boka mi «Kva skjer i Bygde-Norge», som kjem i desse dagar, går eg meir grundig inn i korleis praktisk bygdeutvikling kan gjennomførast. Eg vart optimist på Bygde-Norges vegne da eg skreiv denne boka og analysen viste at det meste som trengst i det grøne skiftet finst på bygda. Eg trur det er fleire vindauge på gløtt no for å få til ting som det elles ikkje ville nytte å foreslå. No gjeld det å stå på for alle som vil ha bygdevekst. For snart kan dei halvopne vindauga lukke seg. Og for all del, kjære bygdefolk, ikkje hiv dåkk ut gjennom det første vindauget som opnar seg, før dåkk sjekkar korleis det ser ut på bakken. Det kan fare ein Bør Børson i oss alle, og som kjent gjekk ikkje det så bra.
Denne kronikken stod på trykk og på nett i Adresseavisen den 5. mars 2023.
Boka kan kjøpes i flere bokhandlere og er utgitt på Dreyers forlag.
Skrevet av
Publisert: 05 mars 2023
Oppdatert: 04 april 2023