Om mold og motstand
Skrevet av
Publisert: 13 desember 2025
Oppdatert: 05 januar 2026
Fagområder
Del artikkel:
Å driva småbruk på gamlemåten høyrest kanskje ikkje så radikalt ut, men det er i ferd med å bli ei motstandshandling.
Det som verkeleg har verdi, er det som veks opp av jorda, det som spirer i molda», sa bonden til meg. Me sat og kika nedover ein dal med eit djupt vatn i botnen, og med bratte fjellsider med gode utmarksbeiter på begge sider. Eg tenkte på alle dei gongene eg hadde vore med denne bonden og jaga sau opp på utmarksbeite om våren, når ein kan sjå graset strekka seg irr grønt opp frå jorda mot sola. Eg forstod kva han meinte.
Bonden ville halda fram med å forvalta dette som vaks opp av jorda på fjellgarden sin, verken meir eller mindre. Han ville berre driva garden sin slik bøndene har gjort i uminnelege tider. Han ville driva garden på garden sine eigne premiss: Han ville ikkje utvida drifta, ta opp mykje lån eller ha store kapitalkostnadar. Dette høyrest kanskje ikkje så radikalt ut, men det er i ferd med å bli ei motstandshandling. Bonden er ikkje åleine i dette, kringom i landet er det fleire bønder som startar tenkja annleis. Dei driv jordbruk på det som eg i siste nummer av Nytt Norsk Tidsskrift har kalla for småbrukarmåten.
Småbrukarmåten tek utgangspunkt i ein historisk praksis som blomstra i norsk jordbruk i tidsperioden cirka 1900–1950. Dette var ein periode der talet på små gardsbruk auka jamt og trutt, før det byrja å gå nedover att etter 1950. På høgda var det 250.000 gardsbruk i Noreg kring 1950. Over 20 prosent av folk var då sysselsette i primærnæringane. Majoriteten av desse gardsbruka var svært små, målt både i jord og dyretal.
Det er snakk om bruk som ofte ikkje hadde meir enn to til fire kyr, med svært låge kapitalkostnader og med stor bruk av beiteressursar og av utmark. No hadde sjølvsagt dei fleste gardsbruka ikkje berre to til fire kyr: Det var også vanleg å ha grønsaker, høner, kanskje ein gris, nokre sauer. Det var også stor variasjon på storleik etter kor i landet gardane låg. Denne type jordbruk var i hovudsak drive på dei naturlege og dei menneskelege ressursane som var på garden eller i utmarka – og ofte praktisk talt utan kapitalkrevjande innsatsfaktorar.
Småbruka var stort sett deltidsbruk. Me kan til dømes snakka om «to-kyrs industriarbeidaren» som Andreas Hompland (1984) har skrive om, eller om «fiskarbonden», men det var også ei rekke andre yrkeskombinasjonar som fanst. Eg vil her ta eit kort døme i min eigen oldefar. Han var tømrar av yrke, men i 1927 bureiste han det bruket som eg no bur på. Bureising, det å rydda nye gardsbruk, gjorde at det vart etablert 15.000 nye bruk i Noreg dei første fire tiåra av 1900-talet.
Det sentrale i bureisinga var at jord og jordbruk skulle vera ein måte for folk å skaffa seg eit levebrød på. Gradvis rydda oldefar min den gamle eikeskogen i bakkane kring tunet, laga beite- og slåttemarker mellom veldige kampesteinar og dyrka opp dei lilla lyngmoane attmed elva. Han hadde nokre fåe mjølkekyr og sau som beita her, og dessutan høner og gris – og han dyrka korn, poteter, gulrøter og kålrot.
Oldefar min og dei andre småbrukarane som dreiv på småbrukarmåten, var menneske som dreiv og arbeide med naturen der dei budde for å skaffa seg eit levebrød, og som ofte spedde på inntekta med arbeid utanom. Det handla om å legga ned det arbeidet som var naudsynt, og å gjera dei eventuelle teknologiske investeringane som passa, for å nytta seg av dei naturressursane som fanst for å skaffa seg eit best mogleg liv.
Etter den andre verdskrigen fekk me ei villa politisk utvikling bort frå småbrukarmåten i Noreg. Meininga med jordbruket vart politisk definert som å produsera mykje og billig mat på færrast mogleg gardsbruk. Dette har også skjedd: Norsk jordbruk har oppvist ei enorm produktivitetsauke sidan 1950-talet, samstundes som at meir enn 200.000 gardsbruk har vorte lagt ned.
På slutten av 1970-talet hadde jordbruket allereie radikalt endra seg bort frå småbrukarmåten, mellom anna med mykje større bruk av eksterne innsatsfaktorar som kunstgjødsel, sprøytemiddel og kraftfôr. Kapital hadde då vorte ein markant viktigare produksjonsfaktor, medan jord og arbeid vart relativt sett mindre viktig.
Svært mange gardsbruk hadde også vorte lagt ned sidan krigen. Sidan den gong har dei norske bøndene stadig vorte fortalt at dei skal bli større, utvida produksjonen, ta over jorda til naboen og naboens nabo, bruka nye effektive teknologiar for å skaffa seg profitt og produsera mest mogleg – ikkje ut ifrå dei ressursane som garden har, men ved å tilføra kapital, teknologi og eksterne innsatsfaktorar som kraftfôr og kunstgjødsel. Det blir også stadig færre bønder, og no har me om lag 37.000 aktive gardsbruk att i Noreg. Gardane blir også stadig meir kapitalintensive. I Noreg har me sett bondeprotestar mot denne utviklinga dei siste åra. Særleg markant har #Bondeopprør21 vore, og historisk har me hatt skattestreiken i Hitraaksjonen i 1975.
Småbrukarmåten er også ei form for opprør og motstand, men den er annleis enn desse eksplisitte og politiske bondeopprøra: Den skjer i kvardagen og i det stille, utan rop om politisk endring, men med små endringar i sjølve måten gardane blir drivne på. Dette liknar på det som James Scott såg som «every day resistance» (kvardagsmotstand) hjå småbønder i Søraust-Asia. For Scott handla dette om enkle og nærast usynlege måtar som bøndene gjorde motstand på mot sine undertrykkarar.
Det som den kvardagslege motstanden eg har observert liknar mest på, er det som den nederlandske agrarforskaren Jan Dowe Van der Ploeg har kalla peasant farming . Gjennom peasant farming gjer bønder i heile verda ein praktisk, kvardagsleg motstand mot det såkalla «moderne» eller det nyliberale jordbruket. Men det som eg skriv om her, har også eit eige notidig og historisk norsk uttrykk, som eg altså kallar for småbrukarmåten . Dette er ein ny type bondemotstand, men som eg har peika på over: med røter tilbake til ein gamal norsk jordbrukspraksis. Bøndene byrjar å driva etter prinsipp der det som veks or molda, er viktigare enn profittraten som veks eller fell. Dei tek gardane tilbake som stadeigne biologiske produksjonseiningar.
Småbrukarmåten handla om å produsera i større grad ut frå eigne ressursar på garden, om å skapa verdiar ut frå naturen heller enn frå innkjøpte innsatsfaktorar. Nokre satsar også, byggar moderne fjøs, men ikkje like stort som banken, staten og marknaden vil. Bonden som eg starta med å sitera, skulle også bygga nytt fjøs, men det var ikkje særleg stort samanlikna med dei fleste andre fjøs i området. Fjøset var tvert om ganske lite; mange bønder ville kanskje meina at det var for lite. Men for denne bonden var fjøset passe stort til jorda og beita han hadde, og bonden hadde ikkje noko plan om å leiga jord eller kjøpa nabogarden, slik svært mange bønder no gjer når dei bygger nye (og store) fjøs.
Både denne bonden og mange andre viste ofte til «dei» som styrte jordbruket – ein samlekategori av politikarar, byråkratar og diverse landbruksorganisasjonar. Bøndene eg snakka med, hadde ikkje trua på at dei som styrer, kjem til å gjera noko. «Det er fånyttes å tru at det skal skje noko frå politisk hald», sa ein bonde, og haldt fram: «Me får berre klara oss som best me kan med det me har og driva garden vidare på våre måtar.»
Mange bønder klaga på at definisjonen av ein god bonde i dag var ein som kjøpte mest mogleg dyre maskinar og mest mogleg dyre innsatsfaktorar. Det var ein motstand mot dette dei nye småbrukarane utførde, bore fram av resignasjon overfor den politiske så vel som den økonomiske utviklinga i jordbruket. Og når politikken ikkje verka, så fann bøndene svaret i molda og i det som veks frå den.
Dei nye småbrukarane vil hoppa av produksjonskarusellen som stadig går fortare. Ein bonde sa til meg at han hadde lese om ein anna bonde med nytt fjøs – og ei gjeld på over 20 millionar kroner. «Veit du kva eg tenkte då?» spurde han meg – «for ein idiot», svara han sjølv, med avvæpnande latter i stemma.
På den lokale pøbben ein stjerneklar vinterkveld i fjor sat eg saman med to unge bønder og snakka om dette. Dei to bøndene såg ikkje meininga i å driva intensivt på innkjøpte ressursar (sjølv om det gav meir i brutto inntekt), viss dei heller kunne få til ein leveveg med ressursane dei rådde over på gardane sine.
Ein anna bonde eg var på beitevandring hjå ein fin forsommardag, fortalde meg at han ikkje brukte noko kunstgjødsel på beita sine. Han trong ikkje kjøpa inn denne dyre vara for å få graset til å veksa nok, for han hadde skalert ned gardsdrifta og klarte seg då med husdyrgjødsla til graset, og sjølv hadde han teke arbeid utanom.
Det har til alle tider vore vanleg at norske bønder har hatt arbeid utanom garden. Det er likevel ein viktig forskjell i grunnen til at dei som tenkjer jordbruk på småbrukarmåten, tek seg arbeid utan om garden, samanlikna med det som lenge har vore vanleg. Bøndene har ofte hatt arbeid i tillegg til garden for å kunna betena gjeld som er teke opp etter dyre driftsutvidingar og maskinar. Dei nye småbrukarane tek arbeid utanom garden av motsett grunn, for å kunna driva garden i mindre skala, for å sleppa å kjøpa dyre maskinar og å bygga svære fjøs. Dette gjer at dei nye småbrukarane ikkje kjenner seg fanga i ein uendeleg spiral der drifta stadig må utvidast, der gjelda stig og stadig meir må kjøpast inn til gardsdrifta.
Det er kjent at Karl Marx samanlikna dei franske bøndene med ein sekk poteter. Bøndene klarte ikkje samla seg om noko felles interesse, meinte Marx; dei var berre ganske tilfeldig samla i same kategori som poteter i ein sekk, utan evne til å føra klassepolitikk.
Mykje har skjedd både i praksis og i teori sidan midten av 1800-talet. Eg syntest likevel potetsekkmetaforen kan vera til nytte for å forstå dei funna som eg har gjort i dette arbeidet. For i dette høve er det slik at bøndene har reagert og gjer motstand mot den nyaste trenden i det kapitalistiske jordbruket, sjølv om dei, for å halda fram metaforen, skulle vera tilfeldige poteter samla i ein sekk.
Motstanden er ikkje koordinert, og den kjem ikkje av noko samlande ideologi eller av ein sams såkalla «klassebevissthet». Det kan dimed sjå ut som at tendensar til småbrukarmåten oppstår «naturleg» som ein reaksjon på dei strukturelle utviklingane i den norske agrare kapitalismen anno 2025. Dei nye småbrukarane utfordrar systemet ved å gå inn i dei grunnleggjande premissane, nemleg måten gardane drivast på.
Dei seinare åra har mange peika på at ein berekraftig jordbrukspolitikk bør setja jordressursane og dei biologiske og menneskelege ressursane i heile landet i sentrum for politikken. Det argumenterast med at meir og betre bruk av gardane sine ressursar kan få positive verknadar både for sosial, økonomisk og økologisk berekraft. Småbrukarmåten å driva på representerer nettopp ein slik praksis.
I praksisane til dei nye småbrukarane ligg det ein motstand mot det rådande jordbrukssystemet, og på desse praksisane kan det kanskje byggast ein berekraftig og heilskapleg ny jordbrukspolitikk?
Denne saken stod på trykk i Klassekampen 13. desember 2025.
Skrevet av
Publisert: 13 desember 2025
Oppdatert: 05 januar 2026