Newpath - Bilde av Jostein, Eirik og Katrina

Klimasmart mjølk og kjøt?

Forskarane utfordrar jærbøndene: – Kva er ein klimasmart og lønsam produksjon av mjølk og kjøt?

Spørsmåla frå Ruralis-forskarane, Katrina Rønningen, Jostein Brobakk og Eirik Magnus Fuglestad, utfordra forsamlinga som deltok på dialogmøte om mjølk, kjøt og klima på  Øksnevad vgs. på Jæren i førre veke. Salen var mest fullsett av landbrukselevar frå skulen, i tillegg til ein representant frå Nortura og frå Tine, samt Rogaland bondelag, NLR og nokre bønder.

Må kutte utslepp

Norsk landbruk står for om lag åtte prosent av samla norske utslepp. Ifølge Ruralis må utleppa reduserast med kring 18 prosent for at Norge skal nå klimamåla i Parisavtala innan 2030. Forskarane kom til Jæren for å høyre korleis næringa sjølv ser på  moglegheiter og konsekvensar ulike klimatiltak kan få for landbruket i regionen. Kva er fornuftig avdråttsnivå? Kva er optimal buskapsstorleik? Bør vi satse på kombinasjonskua
eller reindyrke mjølk og kjøt? Kva er ein god bonde? Kva er ein klimasmart bonde?

– Skal vi forskarar seie noko om klima og landbruk er vi heilt avhengig av innspel
frå dei som er i næringa, sa Katrina Rønningen.

Prosjektet har fått namnet NEWPATH, Nye stiar mot eit lågkarbonsamfunn. Forskarane skal sjå på overgangen til lågkarbonsamfunnet, spesielt innanfor verdikjeda for mjølk og kjøt. Dei har tru på at den norske kua betre kan nyttast til produksjon både av mjølk og kjøt, og gi eit lågare karbonavtrykk enn import av utanlandske kjøtferasar.

Vi må løfte blikket

– Ein god bonde optimalisere drifta si gjennom god agronomi og ved å nytte ressursane
på ein god måte. Men bonden må tenke bedriftsøkonomisk og kan ikkje bere samfunnsansvaret åleine. Styresmaktene må gjennom politikk legge til rette for at
god klimatilpassing samsvarer med god lønsemd for bonden, seier Bengt Egil Elve,
tilførselsleiar storfe i Nortura.

– Skal vi i klimadebatten sjå isolert på kua, eller er debatten tent med at vi
hever blikket og blandar inn etiske problemstillingar og sjølvforsyningsperspektivet?
Norsk landbruk produserer for lite korn og mykje av kornet kan ikkje nyttast som matkorn. Vi kan produsere mindre kjøt og ete meir kornprodukt,