AA Luroy 1

Grunnrente på fast grunn

Kronikk: Skatt på grunnrente frå havbruk landa reint prinsipielt med vedtaket i Stortinget 31. mai i år. Det står i ein meir enn hundre år lang politisk tradisjon.

I tida etter at Noreg hadde vunne sjølvstende i 1905, var fordelinga av grunnrente frå  naturressursane ei av dei sentrale sakene. Striden stod om kven som skulle få inntektene  frå den store nyvinninga i samtida: elektrisitetfrå fossekraft. Det var semje om at når  arbeidskraft og kapital hadde fått avkastinga si – lønn og profitt – ville det på toppen av dette vera ein ekstra profitt – ein superprofitt – som kunne fordelasttilfellesskapet. Dette  var tufta på tanken om at den frie kapitalen kunne og burde regulerast og fordelast.

I dag tener det partiet Venstre til ære at det utgjorde ein del av fleirtaletfor grunnrente i oppdrettsnæringa og framleis står i tradisjonen som partiet var med på å starte.

Georgismen

Den amerikanske samfunnsøkonomen Henry George (1839–1897) populariserte ideen om skatt på forteneste frå naturressursar.I Noreg vart særleg jærbuen og forfattaren Arne Garborg (1851–1924) talsmann for georgismen. Garborg [som ei tid var ein av fem statsrevisor i Statsrevisjonen, no Riksrevisjonen] skreiv tidleg på 1900-talet: «Jordi er som vatn, som luft, eit livsvilkår, alle hev retttil jord, som hev retttil liv.»

Arbeidardemokraten JohanCastberg gjekk seinare i brodden for tankane på Stortinget. Som statsråd i regjeringa til Gunnar Knudsen frå Venstre då konsesjonslovene vart innførte fram mot 1917, er han rekna som «far» for desse lovene. Både heimfallsrett og omfordeling av grunnrente frå fossekraft vart knesett som prinsipp, – ført vidare for olje og gass på 1970-talet.

Teorien

Kva er så denne grunnrenta? David Ricardo (1772–1823) er rekna opphavsmannen for grunnrenteteorien. Han ville forstå korleis verdiane frå jorda vart fordelte på dei tre  klassane i det britiske jordbrukssamfunnet: Jordrente til jordeigaren, avkasting på  kapitalen til kapitalisten og løn til landarbeidaren. Ricardo brukte omgrepa «land rent» og «ground rent», på norsk jordrente og grunnrente.

Ricardo forklarte dette med at det er ulik kvalitet på forskjellige jordstykke: Noko jord, nokre vassdrag (og i dag nokre oljefelt eller lokasjonar for oppdrett av fisk) er meir gunstige og billegare å utvikla enn andre. Desse gjev då meir og mindre grunnrente, medan den dårlegaste ressursen ikkje gir grunnrente.

Grunnrenteskatten på havbruk må seiast å vera ein av dei store sigrane til Ap/Sp-regjeringa.

Dersom etterspurnaden i ein marknad etter korn, vasskraft, olje eller laks er større enn produksjonen under dei beste vilkåra, vil prisen på varene måtte tilsvara  produksjonskostnadene under dei dårlegaste vilkåra. Då oppnår dei som har
betre produksjonsvilkår, ein meirprofitt ut over vanleg avkasting av kapitalen. Dei norske fjordane representerer særs gode produksjonsvilkår for oppdrett, noko som gir eigarane ein superprofitt sidan dei gjennom konsesjonar har fått eksklusiv rett til bruk av desse ressursane. Dette siste er òg viktig: Utan å ha eksklusiv tilgang på ein avgrensa ressurs, kan eigaren heller ikkje oppnå grunnrente i marknaden.

I dag blir grunnrenteskatt oftast forstått som pengar den som brukar ein naturressurs, må betala til eigaren av ressursen for å ha fått rett til å bruka den. Men skatten på grunnrenta  slår vanlegvis berre inn dersom naturressursen kastar svært mykje av seg. Eit slikt ekstra  overskotet kan oppstå ved bruk av ein avgrensa naturressurs, ein produksjonsfaktor som det ikkje kan lagast meir av. Ressursen kan i tillegg vera underlagt regulering. Dermed kan ein òg snakke om ei ressursrente eller reguleringsrente.

Ein moderne arbeidardemokrat

Den nye grunnrenteskatten på havbruk må seiast å vera ein av dei store sigrane til dagens Ap/Spregjering. At finansminister Trygve Slagsvold Vedum greidde å snu sitt eige parti og stå imot kystopprøret av ordførarar, som i stor grad var orkestrert og finansiert av oppdrettsnæringa, fortener respekt. Dermed er ein norsk tradisjon for å skattlegge ekstraprofitten ført vidare.

Kysten rundt ser det no uttil å vera semje i ordførarkorpset om at dei kan leva med 25 prosent skatt på grunnrente. Halvparten skal jo tilfalla kommunar og fylkeskommunar.

Som politisk frontfigur for grunnrenteskatten er Trygve Slagsvold Vedum ideologisk sett ein moderne arbeidardemokrat i tradisjonen etter Johan Castberg. Foreldreskapet til lova kan han dele med professor Karen Helene Ulltveit-Moe, som var leiar for Havbruksskatteutvaleti 2018. På kvar sitt vis har dei bidrege til at grunnrenteskatten for oppdrettsnæringa no står på fast grunn. Med dette er det på nytt slåttfast, nett som med fossekrafta for over hundre år sidan, at noko av profitten frå rike naturressursar er grunnrente, og at noko av den høyrer folkettil.

Denne kronikken ble publisert i Stavanger Aftenblad fredag 16. juni 2023.