Agrisocial: mot eit sosialt berekraftig grønt skifte for norsk jordbruk og norske distrikt
Dei komande åra skal Noreg gjennom det som kallast eit «grønt skifte» som skal sørgja for at samfunn og økonomi blir berekraftig.

Sentralt her vil vera å gjera seg bruk av dei fornybare naturressursane som mykje finnast i dei norske distrikta og i norske bygder kringom i landet. Mykje av fokuset for det grøne skiftet er å få i stand økologisk berekraft ved reduserte klimagassutslepp og ivaretaking av natur, men det er også ein samfunnsmessig eller sosial del av dette som kallast sosial berekraft. Dette betyr, heilt overordna sett, at me også må kunna skapa gode liv for dei som skal leva i det grøne skiftet. Dei seinare åra har det kome mange teikn på at den sosiale berekrafta i norske distrikt og bygder er sviktande – dette ser me mellom anna i dei mange distriktsopprøra dei siste fem-seks åra og i bondeopprør21. Agrisocial-prosjektet skal søka å legga til rette for eit grønt skifte som også er sosialt berekraftig for dei norske distrikta. Prosjektet gjer dette ved å bryta den sosiale berekrafta ned til tre grunnelement: rettferdig fordeling, livskvalitet, og samfunnsmessig robustheit, for så å forsøka å laga sosial berekraftsindikatorar saman med ei rekke aktørar frå dei norske distrikta.
Prosjektdetaljer
Prosjektperiode
01/09/2023 - 30/09/2026
Eksternt Prosjektnr.
Prosjektnr.
6666
Samarbeidspartnere
NIBIO, AgriAnalyse, NTNU, University of Liverpool, University of Gloucester, Norges Bondelag, Norges Bonde og Småbrukarlag, Tine, Nortura, Økologisk Norge, Gartnerhallen, Sortland VGS
Finansiering
Norges Forskningsråd
Nyheter

I dag driv me jordbruk som rovdrift på naturen
For å få ei berekraftig utvikling i jordbruket treng me å ta inn den sosiale delen av berekraft…

La oss bli småbrukarar att!
Dette er et debattinnlegg, skrevet av forskar Eirik Magnus Fuglestad. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger. Innlegget blei…

Gårdsfamilier gir svar om grønnere framtid
De kommende årene skal Norge gjennom et grønt skifte. Hensikten er å sørge for at samfunnet vårt og…

Kronikk: Kapitalens stumme tvang over jordbruket
Dette er et debattinnlegg, skrevet av Eirik Magnus Fuglestad. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger. Karl Marx kan…

Kronikk: Kven er den norske bonden?
DEBATTINNLEGG: Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger. Kronikken ble publisert i Nationen den 25. april 2024. Me har…

Kronikk: Bondeopprør i krisenes tid
Kronikk av Natalia Mamonova og Eirik Magnus Fuglestad (Forskarar ved Ruralis)Publisert i Klassekampen den 7. februar 2024. Traktorane…
Kontakt oss
Ønsker du å komme i kontakt med oss?
Fyll ut skjemaet under så vil vi svare deg så fort som mulig.